Tredje adventshelg drog 25 unge og litt eldre skiløparar frå Suldal til Hovden. Om det ikkje akkurat var nord i Setesdalen det meste av snøkaoset hadde hamna den siste tida, var det likevel kvitt og fint i løypene på skistadion. Mange fekk seg ei god økt på ski på fredagskvelden. Laurdag 11.desember venta Hovdenrennet, kor det totalt var 236 deltakarar til start. Stilart var fristil, og det var 12 løparar frå den yngre garden i Suldal IL som stilte til start. Frå dei som var fødd i 2011 og 11 år og oppover var dette kretsrenn. For dei yngste var det sonerenn og barneskirenn. Resultatlista kan de sjå her:

resultatliste-hovdenrennet-2021

Etter rennet vart det ein god pause i hyttene før det kribla i kroppen igjen, og store som små møttes i løypene til ei god økt i fristil. Med lys i løypa, måneskin og god snø vart det ein flott  kveld. Veldig kjekt når heile gjengen trenar og leikar på ski ilag, og det såg ut til at den eldre garde hadde ei minst like god og kjekk økt som avkomma…

Søndag føremiddag venta fellestrening i klassisk stil ilag med Sauda IL og Hjelmeland IL. Det var sistnemnde som stod for opplegget. Å møta andre på tvers av klubbane, i både konkurranse og treningsfelleskap, er veldig positivt.

Alt i alt ei veldig kjekk og sosial helg på snø – med framifrå innsats!