Serina Kjetilstad snart klar for sprint

Etter ein førebels rennfattig vinter for dei fleste var det endeleg duka for krinsmeisterskap på Sandrip i Vennesla.Ein god gjeng frå Suldal med 12 løparar pluss støtteapparat reiste i helga til Sørlandet for å prøve seg i konkurransar med resten av langrennsfolket i Agder og Rogaland.

Laurdagen var det fristil distanse som sto på programmet, medan det var klassisk sprint på søndagen. I sol og plussgrader begge dagar, sto suldølen for mykje god skigåing og kjempa hardt i tette duellar. Sprint var nytt for fleire av dei yngste, der ein fekk gå både prolog og heat, og opp til og med 14 år blei to årskull slått saman med både jenter og gutar. Frå og med 15 år,  målte ein krefter mot juniorane, men det blei kåra krinsmeisterar i kvar klasse frå og me 13 år. Suldal IL var representert med følgjande løparar: Svein Aksel Tjøstheim i G10, Aksel S. Mehus i G11, Serina Kjetilstad i J11, Simon Bakka G12, Agathe Lunde J12, Daniel Bakka G13, Ingrid Sukka Mehus J13, Malina Fjellstad J13, Vilde Tjøstheim J13, Marte Krogh J14, Thomas Bakka G15 og Ella Tjøstheim J15.

Lagveninnene Malina Hammer, Vilde Tjøstheim og Ingrid Sukka Mehus

Laurdagen kunne Simon Bakka og Ella Tjøstheim ta med seg heim kvar sin 2. plass frå distanserennet. Søndagen skulle det kårast raskaste jenter og gutar, og igjen plukka Suldal med seg gjeve plasseringer. Simon Bakka vann sin klasse, Ella Tjøstheim spurta igjen inn til ein god 2. plass i sin klasse, medan Serina Kjetilstad og Thomas Bakka tok kvar sine flotte 3. plassar.

Turi o. Tjøstheim

Resultat-Gruppe-5 Resultatliste-Gruppe-4 Resultatliste-Gruppe-3 Resultat-Gruppe-2-1 km-fristil-offisiell-resultatliste