1. Fredag 28 januar 2022 var det duka for eit frå gammalt klassisk oppgjer mellom MIL og Suldal på det flotte idrettsanlegget til Midtbygdens IL. Laget som vert trena av sandsbu Knut Foldøy har satsa tungt over fleire sesonger og har vore oppe i 4 divisjon fleire sesonger. Likevel skal dei ta fatt på ny sesong i 5 div men med fokus på opprykk etter 2 plass i pulje si i fjorårets sesong.

Til start denne kampen hadde dei tidlegare spelar for Suldal, Vegard Aas.

For Suldal sin del stilte me med ein sterk tropp men med eit noko tynt treningsgrunnlag.
Frå start stod Jørgen i mål. Han hadde gode utspel og var sikker på skot frå distanse. Kunne med fordel komme ut litt tidlegare på eine målet til MIL men hadde ein god omgang sett under eitt.

Forsvaret med Jone, Isak, Rene og Torjus var frå start ganske passive og enkelte gonger feilplassert, men dette endra seg etterkvart og dei hindra heimelaget i å få store sjanser den første halvtimen av kampen. Spesielt Torjus stod fram og trøkka skikkelig til. Eit forbilde for korleis ein skal opptre for eit suldalslag som kanskje er for snille?!
Midtbanen med Muhammed, Ingve, Håvard og Øystein vart litt springane mellom i innleiinga av kampen, men spelte seg stort opp. Høydepunktet var kanskje ein-touch-spelet der me vendte spelet frå venstre mot høgre. Fleire bevegelser samtidig og på få touch. Deilig å sjå på. Meir av dette, takk.
På topp kriga Tore og Hallvard. Vanskeleg kamp for duoen på topp med dette gode forsvaret til MIL i ryggen. Likevel sette Tore ein ball i stolpen og Hallvard nikka ein ball i tverrliggar i første omgong. Ein litt rusten Hallvard blir bra til sesongstart. Garantert.

I andre omgong kom Marcus inn på back og fekk ein vanskeleg jobb mot heimelaget sin gode ving. Likevel gjorde Marcus ein grei figur saman med innbyttar nummer to, Daniel som kom inn på høgre kant. Begge treng nok nokre treninger for å komma i skikkelig i gong, men vil bli bra utover i sesongen. På midten kom Arin inn og spring som vanleg mykje.  Jobber sokkene av seg, men kan med fordel tjene på å porsjonere løpa sine. Det blir ein del springing i mellom, men ei herlig innstilling. På venstre kant kom Tom inn og la som vanlig bra med innsats i det han foretar seg. Tenker litt likt som med Arin at han med litt rettleiing frå Jon kan utvikla løpa sine. Likevel god innsats. Siste innbyttet me gjorde i pausen var Dawud inn for Jørgen i mål. Ein kunne merke at MIL hadde satt innpå fleire av sine offensive krefter for Dawud fekk sitt å jobba med. Likevel to strålande redninger sjølv om det vart mål på returen etter den eine redningen. Dawud måtte dessverre gi seg etterkvart med skade, men då var Jørgen klar og tok opp hanskene igjen.

Det vart til slutt eit stygt tap sjølv om motstanden er god. Det ein skal ta med seg er den første halvtimen av første omgang. Då var Suldal gode og det lover godt for sesongen. Midtbygden putta to mål i første omgang, men det kunne fort Suldal og gjort. I andre omgang får me oppleve klasseforskjell på laga. Suldal dett rett og slett saman utover i omgangen og var på nivå med dagens dommer, Stople. Altså ganske svake.

Me tar med oss det som var bra for det var meget bra. Jobbe videre med dette, så blir Suldal veldig gode denne sesongen.