Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Ungdommens Holmenkollrenn | Suldal idrettslag
Ungdommens Holmenkollrenn
Helga 4. – 6.februar reiste sju ungdommar frå Suldal til Oslo for å gå Ungdommens Holmenkollrenn. Dette er eit skirenn for jenter/gutar i aldersklassane 13 og 14 år, og deltakarane kjem frå heile landet. Det var opp mot 150 løparar i kvar klasse, det er mange konkurrentar, og nivået er høgt.
Det var ei stor oppleving for Ingrid Sukka Mehus, Vilde Tjøstheim, Malina Hammer Fjeldstad, Daniel Bakka, Magnus Lunde Hoftun, Marte Krogh og Roald Emuge Oluka som gjekk to skirenn på to dagar i Holmenkollen.
Laurdag var det 3 km klassisk på klisterføre og alle gjekk gode renn.

Søndag var det 3 km fristil på skarpt føre med høgt tempo. Fantastisk innsats begge dagane i Holmenkollen. Helga kan oppsummerast med at det var ei sosial og kjekk helg med mange flotte minne for både ungdommane og støtteapparatet 😊