Laurdag 12.februar kunne endeleg Suldalsrennet arrangerast på tilnærma normalt vis. Sidan det ikkje vart noko av dette skirennet i fjor, var det kjekt å sjå mange glade born og vaksne på stadion i år.

Det var eit tett og nokså vått snødrev ved Mosvatnet igår, men det hindra ikkje dei  111 løparane som stilte til start. Innsatsen var god, og det var dei yngste, 3 – 7 år, som gjekk barnerennet som starta fyrst. Det blei gjort på høgtidleg vis der dei vart starta med klokke, startnummer og sendt ut ein og ein med “god tur!” helsing frå startar Siv Åse Hoftun. Mange heia på dei små på stadion og langs heile den vel 500 meter lange runden dei gjekk. Ekstra kjekt å komma i mål, få varm saft og pokal. Når barneskirennet var vel overstått, starta dei som går i 2.klasse, og oppover til seniorane. Distansen skiløparane gjekk auka med alderen. Alt frå 1 km og opp til 10 km. Løperane frå 8 år og opp til 10 år fekk premie ved målgong. Mange leverte gode renn sjølv om det var vått og mykje snø. Kjekt at det var mange lokale deltakarar i tillegg til tilreisande frå både Vindafjord, Sauda(Sauda IL og Idrettslaget Ny Von), Hjelmeland IL, Stavanger(Brodd og Stavanger Skiklubb), Sportsklubben Vedavågen Karmøy, Avaldsnes IL og frå Røldal. Det var pallplassering og premieutdeling utanfor Gullinghust for aldersklassane gutar/jenter 11 år og oppover fortløpande. Ekstra kjekt å endeleg få nytta varmestova på Gullinghuset, der det var godt å koma inn etter ein frisk dag i løypene. Kiosken hadde mykje godt å by på, noko som høyrer med når det er skirenn.

No ser me fram til KM-del 2 som skal gå av stabelen neste helg, 19.-20.februar, der Suldal IL og Hjelmeland IL er arrangørar,  i lysløypa ved Mosvatnet.