Det låg til rette for ein spennande kamp i det fine haustveret i Prestavikjo denne laurdagen. Det laget som gjekk av med sigeren ville innta tabelltopp og opprykksplassen. På Tau sat Midtbygden ved telefonen og beit negler og håpa på uavgjort.

Figgjo på besøk.

Figgjo på besøk.


Før kampen prata me om at me nå måtte gripe sjansen til å vise oss frå vår beste side. Me skulle ikkje sitje etter kampen og trege på at me ikkje hadde gjort vårt beste. Det verka som at spelarane tok med seg orda frå garderoben ut på banen. Suldal starta kampen best, pressa på og fekk både kast og hjørnespark. Etter fem minutt slo Odd Åsgeir Lunde eit av sine mange gode cornerar. Denne traff ein umarkert Tor Arne Sigstad på 12 meter. Han møtte ballen perfekt på heil volley, og kula suste inn i nettet utan sjanse for keeper. Ein kanonstart for Suldal.

"Ein fin dag for fotball..."

"Ein fin dag for fotball..."

Men berre minuttet etterpå fekk Figgjo frispark midt på vår banehalvdel. Dette vart slått inn i feltet der deira umarkerte back enkelt fekk stange ballen over Erik W. Vold og i mål, og me var like langt.

Heimelaget lot seg likevel ikkje affisere av utlikninga. Figgjo kom til eit par sjansar, men Suldal var best. Vingane Bjørn M. Steine og Øystein Nærheim herja til tider med sine motstandarar, og Bjørn hadde og ein stor sjanse på skot som gjekk i stanga. Odd Åsgeir slo hjørnespark på hjørnespark. Vegard Aas var nære på, og Rene Adjemin vann duell på duell på midten. Bak styrte forsvaret lina godt. Og sist, men ikkje minst, kasta Geir Bjarte Hoftun livsfarlege innkast. Han kunne forsvart fast plass på kva tippeligalag som helst, berre for å ta innkast!

Men han kan meir enn å kaste, Hoftuns-guten. Han var i godt kamphumør denne dagen, derfor var det synd at ein lei strekk i låret hemma han såpass mykje at han ikkje geidde meir enn ein omgang. Derfor ville han ha så mykje som mogleg ut av speletida. Då me fekk frispark på tjue meter etter 31 minutt, gav han klar beskjed til kaptein for dagen Odd Åsgeir at denne skulle han ta. Geir Bjarte tok fart og skaut ein hard markkrypar forbi muren og rett i mål. 2-1.

Rett før pause ordna GB og ein målgivande på innkast. Han kasta ballen inn i feltet, der brukte Vegard spenst, styrke og vilje, kriga seg først på ballen og heada i mål. Me leia 3-1, og Figgjo såg rett og slett litt rådville ut.

I pausen var det berre snakk om å halde fram med det gode spelet og den store innsatsen. Det gjorde me og. Suldal hadde full kontroll første halvdel av omgangen, og kom til nokre sjansar. Rett nok fekk Figgjo eit noko uforståeleg straffespark då timen var spelt. Erik gjekk ut i feltet og klarerte, men var i følge dommaren for tøff med motstandaren. Det var det få suldølar som var einig i. Heldigvis sette bortelaget ballen utanfor mål. Og det såg ut til å gå vegen.

Men dei tjue siste minutta vart fæle. Figgjo såg opprykkstoget tøffe sakte ut av stasjonen, og fann ut at

Blir det 4. divisjon på desse karane neste år?

Blir det 4. divisjon på desse karane neste år?

dei måtte setje opp farten for å nå det att. Samstundes byrja fleire par bein på Suldal å kjenne at graset i Vikjo er tungt å springe på. Me fekk strekk i laget og kom ikkje kjapt nok oppi motstandarane.

Så starta marerittet. Redusering, utlikning og leiarmål kom på følgande vis: Gjennomspel på deira høgrekant. Åleine med Erik gjorde Figgjospelaren ingen feil og trilla ballen forbi. Var det offside? Så fekk dei frispark. Dette såg ut til å vere keepermat, men på eit eller anna forunderleg vis bomma Erik grovt då han skulle ut og ta hys, og ballen for rett i nettet. Til slutt fekk me ikkje klarert skikkeleg, Figgjo kom tilbake og la inn i feltet. Der var ein kvitkledd først på innlegget og heada ballen i mål.

Dei siste minutta prøvde Suldal å komme tilbake, men me visste me måtte ha to mål for framleis å ha håp om opprykk. Då dommaren bles, var det derfor berre å gratulere Figgjo med sigeren og tabelltopp. Dei har vore det jamnaste laget i år, og berre tapt ein kamp, den første kampen mot oss. Det er derfor fortent at dei to kampar før slutt ligg tre poeng før Midtbygden og fem poeng før Suldal.

For oss var dette svært bittert. Det var ein betutta og skuffa gjeng som sat i garderoben etter kampen. Sjølv om det ikkje var eit mål før sesongen å kjempe om opprykk, er det likevel surt når me var så nær. Me får likevel fullføre sesongen på godt vis, så skal me komme sterkt tilbake neste år. Nå gjenstår Forsand borte og Lura heime i siste kampen 3. oktober.

Fakta:

Mål:

1-0: 5 min: Tor Arne Sigstad

1-1: 6 min: Figgjo

2-1: 31 min: Geir Bjarte Hoftun

3-1: 45 min: Vegard Aas

3-2: 72 min: Figgjo

3-3: 77 min: Figgjo

3-4: 79 min: Figgjo

Gule kort:

Øystein Nærheim, Erik W. Vold og eitt til Figgjo.

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Vegard Aas

2 poeng: Bjørn M. Steine

1 poeng: Rene Adjemi

Lag:

Erik W. Vold – Nils Arne Moe, Tor Olav Berge, Tor Arne Sigstad, Øyvind Gjuvsland – Øystein Nærheim, Rene Adjemi, Odd Åsgeir Lunde, Bjørn M. Steine – Vegard Aas, Geir Bjarte Hoftun

Innbyttarar: Torstein Erfjord, Ådne Nærheim, Tommy Espe, Vidar Hilde, Sigvart Vårvik