Det har vore ei stor skihelg i løypene ved Mosvatnet denne helga. Suldal IL, har i samarbeid med Hjelmeland IL, arrangert Krinsmeisterskap (KM) på ski, del 2, for deltakarar frå Rogaland og Agder skikrets. (Del 1 var i Sandrip, Vennesla i januar).

Laurdagen baud på strålande forhold. Løypekøyraren hadde laga gullspor, og ca. 160 løparar stilte til start. Det heile starta med barneskirenn for dei aller yngste og så gjekk det slag i slag med klassisk distanse for klassane oppover. Suldalsløparane markerte seg godt med kjempe gode skirenn frå alle deltakarane! Det vanka bærekraftige og kortreiste deltakarpremiar på alle, og dei var populære: Utskorne tre laga av Tore Moe og eplemost frå Hjelmeland. Løparar under juniornivå fekk skigenser frå kretsen, og 17 heldige vinnarar vart trekt ut på startnummer og kunne innkassere flotte sponsorpremiar.

F.o.m 13 år vart det kåra krinsmeisterar, og Suldal fekk løparar heilt opp på pallen som KM-vinnarar:  I klasse J15 tok Ella Tjøstheim steget heilt øverst på pallen, medan lagveninna Mathea Vik gjekk inn til andreplass. I klasse G15 fekk Thomas Bakka andre plass, og i klasse Menn Senior vart Øyvind Røgenes krinsmeister.

Idag søndag vanka ein utruleg spennande dag! Det var sprint-stafett i fristil som stod på programmet. Det var ei øving, som var ganske ny for dei fleste. Totalt var det 60 lag påmeldt, og fleire av desse var Suldalslag. Det var mange skiløparar som syntes at dette var veldig kjekt å vera med på. Her gjekk to og to frå klubben ilag, og kvar løpar gjekk tre rundar i løypa. Her vart det både spenning og dramatikk! Ut ifrå stemninga i publikumssona, såg det ut som nervene var størst i støtteapparatet… -som fint måtte stå bak gjerdet og sjå på både vekslingar og innhenting av konkurrentar. Suldalsløparane greide seg kjempe godt i sprint-stafetten. I dei yngste klassane var det inga rangering, og her var det så god innsats at alle var vinnarar og kom på pallen idag.

Suldal fekk også fleire lag på pallen i dei aldersdelte klassane som blir rangerte, og me fekk endå til krinsmeisterar her også. Uhyre spennande for publikum gjorde Ingrid Sukka Mehus og Vilde Tjøstheim det. På oppløpssida vart det etterkvart klart at Suldal IL, lag 1 vart KM-vinnarar i klassen J13/14. I klassen J15/16 gjekk Suldal IL, lag 1 med Mathea Vik og Ella Tjøstheim eit kanonløp. Ikkje berre vart dei KM-vinnarar i sin klasse, men dei slo også laga i klassen Jenter Junior.

To flotte skidagar med skiglede, og ein enorm dugnadsinnsats frå veldig mange er vel overstått! Ei kjekk og velorganisert skihelg, som har hausta mange godord frå deltakarar og støtteapparat i skikrinsen.

Resultatliste: https://www.suldal-il.no/?p=19297