Måndagskamp på smeltevatnoppvarma kunstgras, flomlys og test av nytt høgtalaranlegg og pyro ved innmarsj. Sauda er på veg opp igjen.

Mens Suldal har vore i dei to same divisjonane stort sett i sørfyltek  i fleire tiår, lever Sauda eit anna tilvere i nordfylket. Dei har alltid vore ein divisjon og to over oss, bortsett frå dei gongene dei har måtte trekka seg og starta opp igjen i 7. divisjon. Sist dei starta opp for omlag ti(?) år sidan, haldt dei på å setta rekord i opprykk år etter år ved å gå frå 7. og nesten opp i 3. (?). Det kan sjå ut som at det er noko, nytt stort i emning i ferrolegeringskommunen. Med kaptein Alte Mehus med suldalsgener i front av ein hær ungdommar under 20 år skal dei spela KM-finale for 7. divisjon om to-tre veker. Får dei halda på denne spelargruppa dei neste åra, trur eg dei har mykje godt i sikte. Men det er vel slik i Sauda og, at ungdommar skal ut og studera, sjå verda og skaffa seg arbeidserfaring?

Uansett, Sauda ville meir enn Suldal, og dermed vann dei 6-3. Me kan saktens spa på med nokre (bort)forklaringar som at me mangla byfolket til kampen som nok hadde gjort oss meir homogene, samt noko sjukefråfall. Det var heller ikkje lett for keeperen vår når han har vore skada sidan sist treningskamp og kanskje ikkje var heilt kampklar denne dagen heller. Sauda fekk også ein straffe som alle, også dommaren i etterkant, såg var på supersal. Dessutan kan det rapporterast om to strek på koronatest på både ein og to av deltakarane våre dagen derpå.

Me diskuterte litt før kamp korleis ein skulle få orden på det einaste som klabba litt i fjorårssesongen, dei første minutta av kampen. Det var ein tendens til at motstandaren fekk leiarmålet, før Suldal kom i gang og etter kvart kontrollerte inn kampane i haust. Taktikken me valde mot Sauda var å ikkje gjera slik ein vanlegvis gjorde, nemleg å gå ut i full fart, men heller spela oss inn i kampen. Me må vel seia at det ikkje fungerte, og det er nettopp det me har treningskampar til og sjekka ut.

Me blei for forsiktige, trilla for mykje ball, midtbanen kom for lågt, noko som førte til strekk og tomrom mellom midtbanen vår og angrepet og dermed blei det lite samhandling. Lesson learned!

Det gjekk vel knapt to minutt før Sauda sette inn det første målet. Eit av angrepsvåpena deira var lang ball i bakrom på kant til kjappe vingar. Det lukkas dei med, innlegget traff ein totalt umarkert blåkledd i feltet som stilleståande fekk stanga ballen i mål.

Det tok likevel ikkje lang tid før Suldal slo tilbake, i det som var den beste perioden vår i kampen. Me hadde kontroll på ballen og kom rundt eit par gonger på vår høgreside. Første innlegg var saudakeeperen uheldig på. Han fekk ei hand på ballen, men den datt ned til Håvard Fatnes som sette ballen i mål til utlikning.

Rett etterpå kom dagens høgdepunkt. Eg høyrde ikkje heilt kva speakeren sa om målet, om det var det første eller finaste brassesparket på Sauda stadion. Uansett var det ei perle! Kanskje var det Sander Deilkås – ny mann i år frå Djerv 1919 – som slo innlegget? Med ryggen mot mål på 6-7 meter kunne me frå sidelinja sjå at Hallvard Erfjord tok sats, heiv først det eine og så det andre beinet opp i lufta og traff ballen klokkereint då beina hans var den høgaste delen av kroppen. Nydeleg! Og me trudde jo ærleg talt at me var med i kampen igjen og skulle dra heim dette.

Så gjekk lufta ut av oss. Lite fungerte. Sauda utlikna og gjekk opp i leiinga 3-2 til pause.

I andre omgang kom me til nokre halvsjansar, utan å få utteljing før heilt mot slutten då Ole Magnus Fauskanger først avslutta rett på keeper, men så fekk sett returen i mål til 6-3.

Som sagt: Sauda ville mest, me lærte ei lekse, og me prøver noko nytt til returoppgjeret i Prestavikjo onsdag 16. mars kl 19.30.

Mål:

1-1: Håvard Fatnes

1-2: Hallvard Erfjord

3-6: Ole Magnus Fauskanger

Lag:

Dawud Ibrahim Dawud – Jone Utbjoa, Torjus Steine, Johannes Wigestrand, Tom van Ruiven – Mohammed Ibrahim Dawud, Sander Deilkås, Ingve Berge, Håvard Fatnes – Ørjan Underbakke – Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Daniel Berge Espe, Pelle Tijhuis, Ole Magnus Fauskanger