Thomas Bakka

25. -27. februar stod Hovedlandsrennet 2022 for tur for dei lokale løparane Thomas Bakka, Mathea Vik og Ella Tjøstheim. Gjennom tre konkurransar fekk dei måla krefter i skisporet med 800 andre ungdommar frå heile landet.

Hovedlandsrennet er uoffisielt noregsmeisterskap for 15 og 16 åringar kor om lag 200 løparar stiller til start i kvar klasse. Dette året var renna lagde til Holmenkollen og det blei konkurrert i klassisk distanse på fredagen, sprint fristil laurdagen og stafett på søndagen. Med så mange løparar blir det kamp om plasseringane og ein skal vera både dyktig, treffe med form og unngå uhell om ein skal ein oppnå gode plasseringar. Agder Rogaland skikrets hadde felles opplegg med både støtteapparat, smørjeteam og overnatting.

I distanserennet var Mathea og Ella først ute i klasse jenter 15 år. Mathea gjekk inn til ein flott 40. plass, medan Ella sette stor fart frå start og tok ein solid 14. plass, kun 30 sek. opp til pallen. Thomas gjekk sitt beste løp for sesongen og kom inn til 49. plass i ein veldig jamn og stor klasse.

Laurdag var det klassisk sprint med prolog, kvart- og semifinalar før finale. Frå prologen var det dei 30 beste  som gjekk vidare til finalar i kvar klasse, og dei etterfølgjande konkurrerte i skicross i eit eige anlegg med bratte bakkar både opp og ned, kular, hopp og slalom.  Skicross er ei teknisk krevjande øving på langrennsski, noko Mathea og Thomas beherskar godt og gjekk inn til 10. og 43. beste tid i sine klassar. Ella kom seg vidare i sjølve sprinten, der ho fekk gå både kvartfinale og semifinale,  og gjekk inn til ein strålande 10. plass blant 180 jenter i 15 årsklassen.

Ella i svart og gul skidress i startfeltet på stafetten.

Søndag var det duka for stafett kor dei ulike kretsane stillte  opptil fleire lag. Alle suldølene blei tekne ut til Agder- Rogaland sine førstelag og jentelaget gjekk inn til ein veldig sterk 12. plass, medan gutelaget gjekk inn til 24. plass. Felta var store og det var kamp om plassen i kvar start med 70-80 lag. Å få konkurrera på øvste nivå på store arenaer gir inspirasjon og meirsmak til vidare satsing!

Oppvarming før stafett

Premieutdeling jenter 15 år, sprint.

Thomas + Holmenkollen = sant

Jentene og smørjeteamet. Mathea og Ella ute til høgre.

Thomas i god fart i den krevjande skicrossløypa.

70 lag til start i jentestafetten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

trim.FA2E4943-A2D0-43E5-B2AA-966A072A1DBA

Resultatlister:

hl2022_5km_g15_offisiell hl2022_5km_j15_offisiell hl2022_langrennscross_gutter15 hl2022_langrennscross_jenter15 hl2022_sprint_gutter15 hl2022_sprint_jenter15 hl2022_stafett_gutter hl2022_stafett_jenter