To helger fulle med skirenn, kor Suldal IL har vore sterkt representert er over. Alt frå barneskirenn, landsrenn, langløp i inn- og utland, stafett med meir. Her kan de lesa referat og resultat:

Kong Haralds Ungdomsstafett

Kong Haralds Ungdomsstafett i 2022 ble arrangert saman med WC i Holmenkollen 6. mars. Ella Tjøstheim var utteken til førstelaget til Agder/Rogaland og gjekk 1. etappe der. Også suldalsløparen Thomas Bakka var tatt ut til å gå ein etappe, men testa positivt på Covid like før og kunne dessverre ikkje delta. Det er første gang Suldal IL har skiløpar representert i det prestisjefulle rennet, som blei oppretta som ei gåve til Kong Harald då han var 80 år. Skikretsen hadde to lag som fekk vist seg frem og fekk ei flott oppleving i Holmenkollen. Kretsen melder om kjempeflott innsats av heile gjengen, kor førstelaget med Ella på start gjekk inn til ein flott 13.plass. Minner for livet – og ei inspirasjon for vidare satsing.

Ella Tjøstheim (nr.3 frå venstre). Foto: Agder/Rogaland skikrets.

Tour de Hardanger 2022

Suldal IL hadde løparar til start under Tour de Hardanger 5.-6.mars. Det var flotte tilhøve når Røldal IL og IL Korlevoll – Odda inviterte til langrenn over 2 dagar i Røldal og på Korlevoll. Arrangørane melder at nærare 100 deltakarar totalt fekk vore med på den allsidige langrennshelga. Tour de Hardanger som starta i Røldal med 2 renn laurdag og eit avsluttande renn på Korlevoll søndag som gav samanlagtstilling for dei over 13 år. For dei yngste bestod helga av eit klassisk renn i Røldal på laurdag og eit renn i friteknikk på Korlevoll søndag. Laurdagen låg Mathea Vik (J15) godt an, og vann både prolog og fellesstart i sin klasse. Søndag venta jaktstart i fristil, kor Mathea til slutt enda på ein fin 3.plass.  Cecilia Vik (J8) og Tarjei Moe Handeland (G10) gjekk òg flotte renn.

Helterennet

Seniorane i skigruppa brynte seg i Helterennet i det flotte vintervêret på Rauland 5.mars. Stig Morten Nerheim gjekk inn til ein flott 20.plass og personleg bestetid i det 42 km lange turrennet. Medan Arne S. Mehus òg gjekk eit godt løp, og var nøgd med si plassering som nr.50.

Stig Morten Nerheim. Foto: TelemarksHelten

 Vasaloppet

I Sverige stilte langløparen vår Øyvind Røgenes til start i Vasaloppet søndag morgon, og gjennomførte vel 9 mil, stort sett staking. Dette var det 9.Vasaloppet Øyvind deltok i, og sluttresultatet var også blant dei aller beste frå Øyvind. Tida 04.04.40 vitna om eit skarpt føre i Sverige denne søndagen. Det haldt til 183 plass, og neste beste resultat for Øyvind i Vasaloppet.

Sesilåmi

Suldal IL hadde også utøvarar påmeldt til Sesilåmi, men rennet vart avlyst på renndagen p.g.a. sterk vind.

Saudasprinten 2022

Helga 12.-13.mars vart Saudasprinten arrangert for 42.gang. Om det var dei mange skirenna helga før, eller andre ting som gjorde utslag er uvisst, men den heilt store deltakinga var det ikkje i Sauda. Suldal IL viste difor godt igjen på stadion i Slettedalen, både på deltakarsida og i støtteapparatet. Ein kan vel nærast sei at Suldal «tapetserte» pallen denne helga.  Laurdagen starta med klassisk stil i mykje vind. 42 år etter at Tore Moe var første vinnar av Saudasprinten, var det barnebarnet Vegard som stod som nr.1 på startstreken i barnerennet. Etter han starta fleire unge, lovande suldalsløparar. Veldig kjekt å prøva seg i nye løyper med bakkar og artige svingar for dei.

Etter at dei minste hadde kome i mål, var det distanserenn i klassisk stil. Også her var det intervallstart, og Cecilia Vik (J8) var første suldalsløpar ut, etterfulgt av dei tre gutane i G10: Tarjei Moe Handeland, Åbjørn Marcussen Moe og Svein Aksel Tjøstheim. Vidare kom dei som perler på ei snor i aukande alderstrinn. Etter laurdagens renn, vart nokon igjen i Sauda og overnatta på Sauda Klubb, og slik vart det ei heil klubbhelg i Sauda.

Søndag løya vinden, gradestokken steig litt opp, og endå fleire løparar og støtteapparat frå Suldal tok turen inn fjorden til Sauda. Også denne dagen var det suldalsløparar med i det 600-meter lange barneskirennet, før dei eldre løparane gjekk renn i fristil.

Kjempe god innsats og flotte pallplasseringar blei det på løparane frå Suldal begge dagane.

Lenke resultatlister:

resultater_saudasprinten22_laurdag

resultater_saudasprinten22_søndag