Poengkonge i dag, to målgjevande og eitt mål: Ørjan.

Etter ein noko rufsete førstekamp mot Sauda der det blei 3-6-tap, var det godt å få balanse i resultata med returkampen i Prestavikjo onsdag 16. mars.

Banen var snøfri for første gong i vår, akkurat i rute til kamp. Med litt mekanisk hjelp så ordna mildvêret med gode speletilhøve. Den delen av laget som trenar i Suldal pleier å vera omlag 15 på trening. Denne gong var det eit par fråfall på skader, deriblant på keeper. Trenaren var ei stund redd for at han sjølv måtte finna keeperhanskane, men heldigvis var det to som stilte opp i kvar sin omgang med ein Snickers som godtgjersle. Ingve Berge og Torjus Steine stod begge som levande vegger. At Ingve kan stå i mål, veit me. Han har jo vore førstekeeper i sin ungdom. At Torjus også var solid, var gledeleg.

I Sauda var det dei blå som fekk tidleg mål, og eit forsøk på ny taktikk den gong sette oss sjølv ut av spel. Denne gong gjekk me tilbake til fullt køyr frå start, og det betalte seg. Suldal gjekk i leiinga etter to minutt på eit hjørnespark. Ørjan Underbakke serverte den godt frå vår høgre kant. Ballen var vel innom keeper(?), men dalte ned framfor kaptein og høgreback Jone Utbjoa. Han veit framleis kor mål står, og fekk sendt ballen i nettet. Herleg start!

Etter eit godt første kvarter, kom Sauda meir med i spelet. Dei viste igjen at dei er gode på overgangar og kontringar, spesielt på deira høgreside denne gong. Me fekk litt trøbbel til tider, og det var nok fortent då dei fekk utlikninga si litt over halvvegs i omgangen frå omlag fem meter.

Resten av omgangen totte me nok at det var bortelaget som kvassast. Dei var meir direkte, kontante, vann duellane og traff kvarandre betre enn oss, men dei fekk ikkje uttelling for innsatsen. Det gjorde derimot me, og det var veteranane Ørjan og Hallvard som stor for dette målet. Som sist kom målet frå høgresida, men nå var det ikkje dødball. Ørjan kom til innlegg, og Hallvard fekk ballen i mål. Hugsar ikkje heilt detaljene her, men det var sikkerte ein strålande susar!

I pausen gjorde me litt justering, spesielt var me tydelegeare på korleis me skulle ligga når me forsvarte oss. Med fem mann på midten  og god sideforskyving fekk me i andre omgang betre kontroll på kampen. Sauda hadde absolutt sine sjansar, spesielt etter innlegg frå deira høgrekant, men dei var ikkje presise nok til å få ballen i mål.

Presis må ein derimot seia at Ørjan var denne kvelden. Han fann seg godt til rette som indreløpar/anker på midten. Etter to målgivande var det like greit å setja ballen i mål sjølv. Ingen hugsar kven som hadde målgivande, for sjølve målet tok all merksemt. Ørjan fekk ballen på 20 meter, fekk tid og rom til å sikta og lada, og skaut ei kanon temmeleg langt opp i krysset. Kjempemål!

Mot slutten av kampen fekk me meir plass og tid, og hadde i grunn grei kontroll. Siste målet kom då Hallvard Erfjord sette opp dampen, dribla seg gjennom på ei kontring og blei takla i straffefeltet. Klar straffe, som Hallvard sjølv sette sikkert nede i hjørnet, skåra sitt andre mål og fastsette sluttresultatet til 4-1.

Kjekt å få siger i treningskampar også. Alle som spelte i dag kom godt i frå det, kjekt at ein tek ansvar når ein er ute på banen, om ein er 18 eller fleire og 30 år. Sauda er eit bra 6. divisjonslag, dei kom nettopp frå knepent finaletap i KM 7. divisjon, så at me slår dei utan fleire av dei som spelte fast i fjor vitnar om god breidde.

Lag:

Ingve Berge (Torjus Steine) – Jone Utbjoa, Torjus Steine, Johannes Wigestrand, Håvard Fatnes – Mohammed Ibrahim Dawud, Arin Eirikssønn, Ørjan Underbakke, Daniel Berge Espe – Ole Magnus Fauskanger – Hallvard Erfjord

Innbyttarar: Tom van Ruiven, Pelle Tijhuis

Mål:

1 min: 1-0: Jone Utbjoa, målgj Ørjan Underbakke

20 min; 1-1: Sauda

35 min: 2-1: Hallvard Erfjord, målgj Ørjan Underbakke

60 min: 3-1: Ørjan Underbakke

85 min; 4-1: Hallvard Erfjord (str)