Alle deltakarane på Hamrabørennet.
Foto: Hans Widerøe

Gode prestasjonar, mange aktive på ski og strålande vêr i helga. Familien Bakka stilte på Hovden, ein liten gjeng på Birken og godt oppmøte på skirennet i Hamrabø. 

Suldal IL har vist godt att i skisporet rundt om i landet denne helga også.
Laurdag gjekk Hovdentour av stabelen på Hovden i strålande sol der familien Bakka stilte.  Simon og far Magnus gjekk 10 km trim på tid, Daniel gjekk 10 km og fekk ein flott 4.plass i klassen M 13-14. Eldstebroren, Thomas, gjekk 22 km i klassisk stil og fekk ein super 2.plass i klassen M 15-16.  Kjekt at Suldal viser att på slike store arrangement med over 1200 deltakarar.

Same dag, men mykje lenger aust, vart Birkebeinerrennet (frå Rena til Lillehammer) arrangert i strålande sol. Der stilte Lars Lunde, Øyvind Røgenes, Simon Bjørheim og Ingeborg Kristensen Hoftun til start. Øyvind gjekk veldig bra, blant dei 100 beste. Utflytta Suldal, Ingeborg, var og veldig nøgd med å bli andre beste løpar frå NTNUI som ho går for. Lars og Simon gjekk også bra, og fekk respektable plasseringar.

Søndag vart det endeleg arrangert Hamrabørennet att, etter to år opphald grunna både covid-19 og snømangel. Det var kjekt å få komma til Hamrabø att. Dette er eit godt gamaldags skirenn. Dei siste åra i samarbeid mellom Hamrabø Skiløype og Suldal IL-skigruppa. Det er aldri noko å utsetja på servicen frå gjengen i Hamrabø Skiløype! Born og vaksne vart frakta opp på snøscooter og i “alpebuss”. Andre gjekk den bratte turen opp til Kleivane på ca 520 moh. Her er det ei flott innreia varmestove, med spel og fine bilete på veggane. Her koste nokre av borna seg, til tross for strålande sol og påskestemning ute. Nærare 50 deltakarar stilte til start i finvêret, inkludert 4 løparar frå Hjelmeland. Dei aller minste (under skulealder) gjekk 500 m, frå 1. Klasse og oppover gjekk dei henholdsvis 1 km, 2 km, 3 km 6 km eller 9 km. Føret var “våt grovkornet snø” og klister var det føretrekte under skia, sjølv om dette havna alle andre stader óg… Hamrabø skiløype hadde stelt til nokre fantastiske løyper med god skilting. Dei stilte óg opp som løypevakter og hadde varm saft ved målgong. Ingen sak å komma til Hamrabø når Vegard og Susanne, Tom, Neri, Torunn og Sveinung Havrevoll legg så godt til rette for oss gjester. Tusen takk til dykk, og for ein flott dag i Hamrabøheia 😊 Tusen takk til  Hans Widerøe for flotte bilete.