Omsider var det tid for IL Sand sin tradisjonelle Statkraftcup innandørs.
For vel to år sidan var dette det siste me gjorde før samfunnet blei stengt ned. I 2021 blei det utecup, og vinteren 2022 såg det også litt spøkje ut. Det blei derfor avgjort at cupen som vanlegvis går februar/mars blei utsett til etter påske. Så litt uvant å vera inne i hallen når sola strålte ute. Når ein først kom inn, trur eg mange gløymde sola likevel.
Suldal IL viste godt igjen med sju lag fordelt på tre miniknott og fire knottelag, ei stund var det gult i kvar kamp. Strålande innsats av spelarar og lagleiarar. Det er godt gjort at ein greier å møta presist til kvar kamp med det strame tidsskjema det er. Ein forelder skal ikkje tatla seg mykje vekk før ein går glipp av ein kamp. I morgon er me også godt representert, då skal fire lilleputt- og to ungdomsskulelag trø til. Lukke til!
Mange jamne og spennande kampar, mykje folk på tribunen, heftig sal i kiosken, og stødig og godt arrangert av IL Sand!