Hallvard var involvert i alle tre måla våre i dag.

Endeleg tid for årets første seriekamp, og som vanleg er det strålande vêr i Prestavikjo.

Motstandarane var ein gammal kjenning frå byn: Raudtrøyen frå Storhaug. I fjor gjekk det svært godt for oss i tilsvarande kamp, 6-1 blei resultatet då. I dag blei det langt frå like lett, og ein kar frå Storhaug nemnde at det blei ein kjekkare tur heim i år.

Ein brei stall kom godt med til årets første kamp, det var mange fråfall grunna skader, sjukdom, arbeid og andre forpliktingar. Til slutt greidde må skrapa saman 13 spelarar, der to var målvakter. Då blir det få bein å skifta ut når kampen dreg seg over timen og inn i siste 30 minutt. Dette merka me nok godt i dag. Og sjølv om Stohaug heller ikkje hadde mange spelarar, så var dei i alle fall betrakteleg meir på enn dei var i fjor.

Det blei uansett ein ulideleg spanande kamp. Som mange gonger før så kom me bak i målprotokollen. Det var ikkje gått meir enn tre minutt då Storhaug var på besøk i målgarden vår og ein mann gjekk over ende i ein duell. På sidelinja høyrde me det var kontakt, og sidan det var får som protesterte høgd på avgjerda så må ein vel gå utfrå at straffen var korrekt. Straffeskyttaren var sikker og gjestene gjekk opp i leiing.

Om me har evna til å komma bakpå med mål frå starten, har me også evna til å komma sterkt tilbake. Begge lag hadde sine periodar, men i første omgang må ein vel seia at Suldal hadde eit overtak. Me syntest derfor det var fortent at me både fekk utlikning og gjekk opp i leiing før pause. Utlikninga kom etter at Hallvard Erfjord kjempa til seg ballen ut mot hjørneflagget. Han dribla av eit par, kikka opp og sendte roleg inn til Mohammed Ibrahim Dawud. Mohammed var like roleg, kunne skote på direkten, men dempa, finta og plasserte ballen kontrollert i nettet.

Knapt ti minutt seinare var det Øystein Nærheim som var mannen som skal ha det meste av æra for målet. Han kjempar og vinn ballen og skyt. Ballen går i ein motspelar og havnar til Hallvard. Igjen kikkar han opp og finn Rene Adjemi på ope mål. Ein vanlegvis hardtarbeidande Rene trong ikkje bruka mange kalorier på å senda Suldal i leiinge.

Rett før pause hadde me ein kjempesjanse til å ta skikkeleg kommando i kampen, men ein vanlegvis sikker Hallvard fekk nok ballen litt brått på seg på fem meter og sendte kula over det tomme buret. Synd, men Hallvard stod bak mykje av det som var farleg frå vår kant denne omgangen.

I andre omgang glei det ikkje like godt for oss som det gjorde utover i første omgang. Me merka nok varmen og at det etter kvart vart nokre kilometer i beina. Lagdelane hang ikkje like godt saman, det blei rom for Storhaug å spela på både gjennom midten og langs kantene. Suldal prøvde å gjera nokre endringar, nokre med hell, andre måtte me gå tilbake på. Det blei ein periode der me ikkje greidde å spela fotball, det blei meir sparking av fotball. Me prøvde oss på lange ballar i bakrom og pasningar i rygg i staden for å gjera det me faktisk er gode på; spela ball, bruka midtbanen, skapa vinklar og komma rundt på kantene. Det var tendens til at gjestene tok over.

Derfor var det nok litt mot spelet sin gong at me rett etter ei formasjonsendring kom gjennom med Mohammed på vår venstreside. Mohammed beinflaug oppover linja, kom ned til dødlinja, tok seg litt tid og fann Hallvard som på merkverdig vis greidde å bevega seg mot fartsretningen og henta ballen bak seg og inn i mål frå to meter. Dette måtte vel gå vegen!?

Det gjorde nok ikkje det… Me skulle hatt nokre fleire friske bein å setta inn. Me blei for mykje springande etter ballen, og me slapp Storhaug til mange sjansar. Jørgen Mikkelsen måtte fleire gonger strekka seg etter ballen, og gjestene var ikkje svært effektive ei stund, før dei omsider traff to gonger på skot/lobb frå noko distanse over keeper i det 70. og 81. minutt.

Me var oppe og lukta på leiinga nokre gonger me også, men fekk ikkje mål. Nærast mål i slutten var det absolutt Storhaug som var. Rett før slutt fekk Storhaug til eit høgt innlegg rett framfor mål. Ein høg kar letta såpass at han var millimetrar frå å stanga hovudet sitt i tverrliggaren, men han traff ballen og det var ballen som gjekk i tverrliggar. Returen havna hos ein raudkledd, men den kom heldigvis for brått på slik at dommaren kunne blesa av for full tid og ikkje eit avgjerande mål for bortelaget.

Slik kampen utvikla seg så må me nok seia oss nøgde med eitt poeng, men spesielt i første omgang kunne me med noko meir marginer ha sett oss i førarsetet for andre omgang. Me skulle gjerne hatt nokre fleire spelarar med oss i dag, me håpar at me kan stilla med fleire til neste kamp, borte mot Pol på laurdag. Neste heimekamp er laurdag 14. mai mot Brodd 2.

Terminliste – Tabell

Fakta:

Mål: 

3 min: 0-1: Storhaug (str)

17 min: 1-1: Mohammed Ibrahim Dawud, målgj Hallvard Erfjord

27 min: 2-1: Rene Adjemi, målgj Hallvard Erfjord

65 min: 3-1: Hallvard Erfjord, målgj Mohammed Ibrahim Dawud

70 min: 3-2: Storhaug

81 min: 3-3: Storhaug

Gule kort:

Ole Magnus Fauskanger og eitt til Storhaug

Lag:

Jørgen Andrè Mikkelsen – Marcus Karlsen, Jone Utbjoa, Torjus Steine, Håvard Fatnes – Mohammed Ibrahim Dawud, Øystein Nærheim, Ørjan Underbakke, Rene Adjemi, Ole Magnus Fauskanger – Hallvard Erfjord

Innbyttar: Pelle Tijhuis, Dawud Ibrahim Dawud (ubenytta)