Eide Sand 22. september
Tett kampprogram for G15 laget, og denne tysdagskvelden heime mot Vedavåg Karmøy. I skikkeleg surt og regnfullt haustver, var det ein våt og tung bane som venta gutane.
I dag var me 13 tilgjengelege spelarar, som var innstilte på å yta maks i 2 x 40 min. Underteikna og kveldens lagleiarar/trenarar, Tor Olav og Morten, prøvde så godt som mogleg å få gutane til å forstå at innsats og å vinna duellar var det som skulle til for å slå det ubeseira laget frå Karmøy.
Kampen starta jevnt, utan at nokon av laga kom til skikkelege avslutningar. Men så, etter ca. 10 min., gjer John Herman ein glimrande jobb og dreg seg fri og scorar 1-0 over ein keeper som var på halvdistanse. Og då Fredrik nokre minutt seinare såg at keeper var langt ute, og slo ein lang og høg ball nydeleg frå ca. 40 mtr. direkte i mål var me i gong. Gutane spelte i denne perioden glimrande fotball, og utspelte til tider gjestene. Som følgje av ein godt slått corner var Thomas siste mann på ballen, og 3-0. Så kom Vea på ein visitt i vår 16 meter, og etter litt ureglementert spel av oss fekk dei straffe. Litt av den enkle sorten, då Veaspelaren først fekk fordel og avslutta ”kontrollert” utanfor mål, så dømde dommaren straffe i tillegg etterpå. Denne straffen redda Ingve glimrande, men returen sette dei i mål til 1-3.
På slutten av omgangen tykte Fredrik at det var på tide å auka leiinga, og tok eit soloraid der han avslutta kontrollert til 4-1. Dette vart også pauseresultatet.
I pausen vart det fokusert på å halda opp det gode spelet, og ta initiativet med ein gong for å prøva å auka leiinga, og punktera kampen.
Og 5-1 kom som bestilt då John Herman sette ballen i mål etter ca. 10 min. Dette såg ut til å ”gå vegen”. Men Vea hadde ikkje tenkt å gi seg, og spelte seg inn i kampen, og reduserte til både 2-5 og 3-5. Samtidig var det tydeleg at me var slitne, og me hadde problem med å få til det gode spelet me hadde hatt. Klokka gjekk seint nå, men me hadde ikkje tenkt å gi oss. Og i alle fall ikkje Christer, som gjorde ein kjemejobb med å kriga ballen av ein Veaspelar. Fekk gitt ein pasning framover, som sende Øystein på eit langt løp, der han klarte å halde Veaspelarane bak seg, og fastsette sluttresultatet til 6-3. Rett etter dette bles dommaren av kampen, og gutane hadde med det teke sin femte strake siger i 1. div., og leiar med det tabellen.
Nok ein gong, kjempejobb av gutane. Det viser at det er mange gode spelarar, god lagånd og moral i dette laget .
Nå har laget to bortekampar igjen, mot Trott frå Stord og Djerv1919 i Haugesund. Desse skal ikkje spelast før 17. og 26. oktober pga. klassetur til Polen, haustferie etc.
Då gjeld det å trena godt i denne perioden, så skal me nok gi desse to laga god motstand.
Desse spelarane var med mot Vedavåg Karmøy: Ingvald, Håkon, Sindre, Vegard, Fredrik, Christer, Øystein, John Herman, Andreas, Dagfinn, Mads, Thomas, Ingve
Målscorerar: Thomas 1, John Herman 2, Øystein 1, Fredrik 2