Endelig er sesongen i gang og fotballen rulle igjen. For Suldal var dette sesongens andre kamp, mens det for dagens heimelag, POL var den første kampen for sesongen. Kampen vart spelt på Stemmen stadion i Stavanger i nydelig vårvær og fin temperatur. Tradisjon tru var det vind på Stemmen og dette skulle begge lag, spesielt heimelage etterkvart få benytte seg av.
Suldal starta med Dawud i mål, Isak og Jone som midtstoppere. Torjus spelte venste back og Rene starta på høgre back. Midtbane bestod av Mohammed og Håvard på vingane med Daniel og Øystein sentralt. På topp var Hallvard og Tore. Vår gode benk bestod av Lars, Tom, Marcus og Arin
Før kamp snakka me om verdien av kommunikasjon og det å kunne prate og gi beskjeder. Dette er et viktig verktøy både innad i spelegruppa, men motstandar for og eit inntrykk av at her har de kontroll, de har ein plan og eit lag som er samla. Kommunikasjon i tillegg til motsatte bevegelser og initiativ stod sentralt i kampplanen vår.
Klokka var nøyaktig 13.00 då dagens dommar Morten Stople sette i gang kampen. Det virka som at Suldal var framme i skoa frå start og tok duellane. Likevel var det POL som skulle få det første målet. Ein lang klarering frå forsvaret deiras gjorde at tre av våre spelerar nærmast krasja i kvarandre og spissen i blått kunne enkelt trille ballen i tomt bur. Her var det to utespelerar og keeper som gjorde akkurat det motsatte av det me hadde snakka om angående kommunikasjon. Ein kalddusj var det, men ein kunne likevel ikkje kjenne heilt på skuffelsen over baklengs då underteikna var sikker på at det sterke suldalslaget kom til å slå tilbake.
Suldal rulla opp fleire gode sjansar og me kunne lett utligna og tatt leiinga om me hadde hatt litt marginer. Etter omlag halvspelt første omgong kom målet som me hadde jobba så hardt for. Øystein kjem seg inn i feltet og skal legge inn. Ein er ikkje sikker, Øystein kjem nok til å sei at han gjekk for mål. For oss andre såg det meir ut som eit litt sleivete innlegg. Uansett, ballen gjekk over målvakten og opp i nettaket til utlikning 1-1.
I kampens trettiandre minutt er me tvungen til å gjer kampens første bytte då Jone får seg ein strekk i låret og Lars, som nettopp er tilbake etter strekk entra banen. Torjus tok plass i midtforsvaret og Lars gjekk inn som back.
Kampen stod på dette tidspunktet å vippa litt og ein kan med rette kalle det ein stillingskrig. Mykje god kjemping frå begge lag, men etterkvart skulle heimelaget få muligheten til å score frå 11 meteren. Dommer meiner at Rene var litt uvøren og peikar på straffemerket. Straffen går og har fin retning. Dawud er godt etter den og meiner sjøl at han er i ballen. Lærkula smell i stolpen og Dawud får drømmen oppfylt med å redde sin første straffe. Gleden av strafferedninga vart tydeligvis ein energiboost for guttane i gult som fossa fram i angrep. Øystein slår inn mot Tore, som plassere ballen fint mellom stengene. 2-1 til Suldal. Frå nå og inn mot pause kjørte Suldal på og pressa heimelaget bakover. Etter først å sette ballen i stolpen etter eit nydeleg løp og innlegg frå Håvard skulle Tore få sitt andre mål for dagen. Eit frispark frå Isak har god retning mot Tore. I lufta er Søraas rå og knuse keeperen i lufta. 3-1 og fortjent leiing til pause.
I pausen var det ei lett og god stemning. Guttane og underteikna var strålande fornøyd og det virka som at alle hadde god tru på tre poeng denne kampen
Innledningsvis vart det skrevet om vinden på Stemmen og den skulle gjer seg gjeldene på reduseringsmålet til POL. Før dette hadde me foretatt eit bytte der Daniel bytta med Tom. Rene gjekk opp på sentral midtbane mens Tom tok plass på høgre back. På ein av mange hjørnespark til heimelaget denne omgangen traff den gode innleggsfoten med god hjelp av medvind eit angripande hovud og reduseringa var eit faktum. Ganske irriterande då me hadde fått mange advarslar om dette etter mange fine dødballar. 3-2
Etter reduseringsmålet gjekk me inn i ein målrik periode av kampen. I løpet av tolv minutt vart det levert tre mål på kunstgraset. To til Suldal og eitt til POL. Tore putta sitt tredje for dagen fint assistert av Mohammed før nok ein kommunikasjonsfeil i de bakre rekker gir ei gratis redusering til heimelaget. I kampens syttiåttende minutt får Suldal frispark. Øystein stiller seg opp og sender ballen via muren og i mål. 5-3 og det var på tide å finne fram kuleramma for å ha kontroll på resultatet.
Den som trudde at målshowet var slutt på Stemmen når me runda åttifem minutt måtte tenke seg om ein gong til. I 6 divisjon avd 3 må ein aldri gå heim sjøl om det lakkar å lir mot kampslutt. Arin hadde kommet inn for Hallvard for å holde trykket i presspelet oppe og gjer det vanskeleg for heimelaget å spele seg ut bakfrå. Sjøl om Arin vart overraska over å få spele spiss, så viste han i kampens åttisjuande minutt at han beherskar denne rolla godt. Mohammed gjer ein god jobb på kamp og kjem til eit fint innlegg. I enden på legget er Arin, som nikkar ballen kontrollert i notå. 6-3 og seieren verkar sikra. Det viste seg at denne leiinga ikkje skulle stå seg veldig lenge for POL hadde eit siste angrep å komme med. Dette angrepet fekk dei god uttelling på og 6-4 var eit faktum.
Morten Stople bles av kampen i det nittifemte minutt og ein fullt fortjent seier til bortelaget var eit faktum.
Ein herleg og fortjent seier der gutane viste seg frå ei meget god side. Mykje av det me har mangla i treningskampane var nå på plass. Ein kjekk kamp og mykje bra å bygge videre på.
Mål/assist
Øystein
Tore/Øystein
Tore/Isak
Tore/Mohammed
Øystein
Arin/Mohammed
Neste kamp er 14 mai kl 13.00 mot Brodd 2 i Prestavikjo