Første gubbakamp: Bak frå venstre: Sveinung Steine, Jon Bråtveit, Odd Åsgeir Lunde, Olav Bakka Berge. Framme f.v.: Vidar Jørgensen Nærheim, Tom Gardsteig, Ronny M. Rugland, Michal Kral, Helge Lauvsnes. Johnny Hetland og Christer Hansen kom også til.

Det er i mange år snakka om å få i gong fotballkampar mellom grendene for vaksne, men det har vore med snakket. Det var til slutt Jelsa IL som gjorde noko med det. Fantastisk kjekt tiltak!

Laga som har meldt seg på Gubbaserien er Jelsa IL, Haugil IL, IL Sand, Erfjord IL og Suldal IL. Det blir spela dobbel serie, totalt åtte kampar for kvart lag. Utgangspunktet er 7’ar-serie, altså sju spelarar på banen. Kanskje er det nokre gonger at det blir knapt med spelarar, så får ein eventuelt redusera antal spelarar.

Erfaringsvis så er i alle fall me på Suldal svært glade for at me har ein del meir enn sju spelarar klare til kamp. Det er behov for hyppige skifter, spesielt etter eit par sugande løp over banen. Dessutan kjenner nok dei fleste av oss tendenser til strekkar, ryggar, kne og anklar som ikkje heilt spelar på lag slik dei gjorde for tjue år sidan. Men det er vel det som er sjarmen med gubbafotballen!

Serietibodet er tenkt til dei som er over 16 år og som ikkje er med på a-laget, men nokre grender treng nok hjelp av a-lagsspelarar for å få nok spelarar til kamp. Det viktigaste her er at me får spelt kampar! Sveinung Steine har teke på seg jobben for Suldal IL som lagleiar, materialforvaltar, oppmann og så vidare….

Første kampen til Suldal skulle gått på Sand, men der var ikkje banen klar for fotball. Dermed fekk me debuten vår som bortelag i Prestavikjo. Laget til IL Sand kunne forvekslast med Etiopia, det var i alle fall det som stod på draktene deira. Det er ein kompisgjeng som nok har litt ulik opprinning, men mange av desse sandbuane har nok Etiopia som sitt opprinningsland. Gjennomsnittsalderen var nok om lag 15 år lågare enn vår, og det viste igjen på speseielt tempoet ein forflyttar seg med. Her nytta det ikkje for oss å springa verken etter eller i frå!

Michal har kontroll i mål mens Vidar er konge i lufta!

Etter ein prøvande start der me hang bra med, fekk Sand etter kvart overtaket og putta både eitt, to og tre mål før me fekk vårt første etter at Helge Lauvsnes skåra på sin eigen retur. Mot slutten av første omgang fekk Sand nokre ganske kjappe og lette mål, slik at me til pause vel låg under med fire mål(?). Trur stillinga kanskje var 6-2 til pause, noko som betyr at Ronny M. Rugland (som ikkje hadde hatt leggskinn på seg på 30 år!) si skåring etter målgivande av Odd Åsgeir Lunde kom før pausen. Han sette ballen trygt i mål på innlegget.

I pausen kom Odd Åsgeir med det noko revolusjonerande forslaget om å ha ein i forsvar og resten framover, for me blei spelt noko baktunge i første omgang. Me gjekk for det, og det skulle visa seg var ei god løysing i denne kampen. Sveinung Steine tok seg av forsvarsjobben, mens resten sprang det dei vann framover på banen. Andre omgang blei uavgjort, 1-1. Målet til Suldal kom etter hjørnespark. Odd Åsgeir stod klar, Jon Bråtveit hugsa korleis me gjorde det for 20 år sidan, sette fart frå bak i feltet, letta himmelhøgt, sikkert 10 cm, og stanga det perfekte innlegget i mål.

Det blei tap, men me fekk ei svært kjekk oppleving mot eit sandslag som spelte til tider god fotball.

Lag:

Michal Kral – Sveinung Steine, Jon Bråtveit, Odd Åsgeir Lunde, Olav Bakka Berge, Vidar Jørgensen Nærheim, Tom Gardsteig, Ronny M. Rugalnd, Helge Lauvsnes, Johnny Hetland, Christer Hansen.