Gubbalaget mot Erfjord: Bak frå venstre: Hans Olav Brustveit, Jon Bråtveit, Geir Bjarte Hoftun, Thomas Brustveit, Olav Bakka Berge, Michal Kral, Raymond Krogh. Framme f.v.: Odd Åsgeir Lunde, Sveinung Steine, Christer Hansen, Arne Mehus, Vidar Jørgensen Nærheim. Johnny Hetland lurte seg unna bildet i dag også!

Ny kamp for gubbalaget i går, denne gong kom Erfjord på besøk.

Dei fleste kom frå forrige kamp utan mèn som ikkje lot seg lega på ei veke. Nokre stive lyskar har det vore siste veka, men alle kom seg i alle fall på arbeid i dagane etter kamp!

Første kamp kom nok litt brått på oss, både når det gjaldt drakter, rutiner og spelemønster. Til denne kampen var fleire av rammene som skal vera rundt kamp i Prestavikjo på plass. I tillegg til bortedraktoverdelene til a-laget (svart), stilte me nå med både avlagte shortsar og sokkar frå tidlegare tider, slik at draktsettet nå er fullt. Får rota fram ein keeperdrakt også til neste gong!

Sist møtte me rett på banen, men det er ingenting som slår kjensla av å møta opp i garderobe før kamp. Då underteikna kom litt seint inn i garderoben så var det nesten som å komma til a-lagskamp på 90- og 2000-talet. Prat, lått, ein eim av tigerbalsam, lyden av sportstape og folk som leitar etter rette storleikar på trøyer og shortsar. Det einaste som hadde endra seg var mengden og fargen på hår!

Då gubbane frå Erfjord kom, dukka minna frå lilleputt- og gutar-serien (ja, ungdomsserien heitte GUTAR temmeleg lenge i Suldal) på 80- og 90-talet opp. Det kunne vera harde tak mot enkelte av erfjord-generasjonane. Nå supplert med både eldre og yngre spelarar.

Det var Suldal som kom best i gong med kampen, i alle fall om ein tel mål. Me fekk ballen i mål, mens Erfjord ikkje var like effektive på sjansane sine. Banespelet må ein vel seia var ganske likt. Kanskje trong Erfjord å spela seg inn, kampen dei skulle hatt sist veke mot Jelsa blei utsett, så dette var første kamp for dei.

Vårt første mål var eigentleg fysisk umogleg. Arne Mehus kjempa seg fram til dødlinja til Erfjord, tre meter til sides for mål. På eitt eller anna vis fekk han sklidd ballen slik at den lurte seg mellom forsvarsspelarar, keeper, stong og over mållinja. God start!

2-0 kom etter godt spel, pasningsspel har me funne ut er rette vegen å gå, me orkar ikkje den spelemåten som var populær før på tunge grasmatter; spark-og-spring, lenger! Christer Hansen var sistemann på ballen frå kort hald. Mål nummer tre stod Olav Bakka Berge for. Han var svært kald og roleg og banka den fine pasningen frå Christer(?) kontrollert i mål langs bakken. Ei solid leiing til pause, men som nemnd; me hadde nok vore meir effektive enn Erfjord.

I andre omgang fekk me køyrt oss meir. Fleire kjente på gamle skader som ein ikkje ville slå opp igjen, og nokre fekk nye skader. Verst gjekk det ut over Michal Kral. Forrige kamps keeper var utespelar i dag, og plutseleg gjekk han ned for telling. Han høyrde det smalt i låret, og ein kan frykta at det er ein muskel som har slite seg. Håpar det går bra med litt tid!

I tillegg til at me begynte å kjenna det både på helsa og kondisjonen, så henta Erfjord inn ein proff med fly frå Trondheim til andre omgang! Med to a-lagsspelarar på banen fekk gubbane våre litt problem med å henga med i svingane på rykk og vendingar, og Erfjord starta opphentinga. Dei trong mange forsøk før dei endeleg fekk si første nettkjenning, Sveinung Steine leverte ein kanonkamp som keeper og var den som skal ha den største æra for at det blei siger i dag. Gong etter gong stod han i vegen for gode avslutningar. Til slutt blei det likevel mål etter ein kanon får erfjordbuen(!) Øystein Nærheim. Det var forrestein ein kar til på Erfjord som var i, etter vår meining, feil drakt: Bjørn Madland Steine.

Heldigvis svarte Suldal raskt på denne reduseringa, etter eit mønsterangrep. Ballen gjekk i pasningar frå keeper, via midten, ut på høgrekant og til slutt inn framfor mål der Jon Bråtveit frå fem meter fekk avslutta og sett ballen via keeper og i mål til 4-1.

Erfjord fekk eit par mål til, før me igjen svarte. Då fekk Christer eit flott gjennomspel frå midten. Han stod med ryggen til mål og keeper, fekk snudd seg og sett ballen i nettet til 5-3. Erfjord tok tok så meir innpå, og utlikninga til Erfjord var vel dagens nestfinaste mål? Erfjord hadde hjørnespark, returen for høgt til vers og noko utover i banen. Der fekk bortelaget sin Odd Magne Hetlelid stå i fred og ro og sikta. Er litt usikker på kor høgt over bakken han låg og venta på ballen, men han låg vassrett i lufta, traff ballen temmeleg godt på heil volley og sendte ballen rett i mål. Utlikning til 5-5 rett før slutt. Surt!

Geir Bjarte Hoftun var derimot ikkje interessert i å sleppa sigeren. På avsparket etter utlikninga såg han at erfjordmålvakta ikkje var heilt konsentrert. Han sendte i veg eit skot frå eigen banehalvdel. Ballen gjekk i ein perfekt boge over målvakta og omtrent inn i krysset. DET var dagens finaste mål! Herleg å dra sigeren i land etter at me trass alt hadde leia omtrent heile kampen.

Nok ein kjekk kamp, og til neste heimekamp må me vel nesten mobilisera litt tilskodarar også! Tysdag 24. mai kl 20.00 tek me i mot Jelsa i Prestavikjo, rett etter G14-kampen Suldal 2 – Falkeid. Møt opp!

Lag:

Sveinung Steine – Hans Olav Brustveit, Jon Bråtveit, Geir Bjarte Hoftun, Thomas Brustveit, Olav Bakka Berge, Michal Kral, Raymond Krogh, Odd Åsgeir Lunde, Christer Hansen, Arne Mehus, Vidar Jørgensen Nærheim, Johnny Hetland.