Torsdag 12. mai fekk Suldal IL legga fram tankar om korleis ein kan få meir aktivitet i Prestavikjo på Vinjar Grendautval sitt møte.
67 tilhøyrarar i dei fleste aldrar møtte, spesielt kjekt at det kom ungdommar!
Jon Bråtveit hadde ei gjennomgang av korleis Prestavikjo kan sjå ut, dersom grenda, idrettslag, politikkarar, sponsorar, stiftelsar og kommune går saman om å få dette til.
Målet er å laga eit nærmiljøanlegg, eit anlegg som er ope og tilgjengeleg for alle kvar dag, heile året. Det skal leggast til rette for ulik aktivitet, med spesiell vekt på den uorganiserte aktiviteten. 3’ar-bane til fotball, fleirbruksbane, pumptrack, rulleskiløype, balansepark, treningsapparat, grillplass, freesbeegolf, asfaltering for å auka mobiliteten for alle brukargrupper og tribune er nemnd som aktivitetar og element som ein kan få til.
Me ønskjer at Prestavikjo skal vera for fleire enn dei som spelar fotball, det skal vera noko der for alle!
På møtet var det positive tilbakemeldingar frå «bygdo», slik at idrettslaget ønskjer å arbeida vidare med dette for å få prosjektet inn i kommunen sitt budsjett til hausten.
Dersom nokon har innspel, eller sit på kompetanse som er lur å ha i enten planleggingsfase eller gjennomføringsfase, så er det NÅ det gjeld! Ta kontakt med Jon!