Årets andre heimekamp, og vesentleg betre bemanna enn sist.

Målet for kampen, bortsett frå å vinna, var å ha fokus på å halda lagdelene saman og prøva og spela fotball lengst mogleg. Unngå for mange lange ballar.

Vanlegvis er det motstandarane som skårar først, men denne gong var det Suldal som tok leiinga.14 minutt ut i kampen fekk me til eit av fleire gode angrep i kampen. Keeper Jørgen Mikkelsen spelte ut til backen Torjus Steine. Han gav vidare til Tore Bendiksen Søraas som spelte nydeleg gjennom til Mohammed Ibrahim Dawud. Mohammed hadde fri veg mot mål og banka ballen sikkert i mål til 1-0-leiing.

Brodd 2 var gode til å trilla ball dei også, og spesielt bakfrå via kapteinen deira, vidare til ein teknisk god midtbanespelar som slo vidare gjennom til vingane. Dette fekk dei til nokre gonger, og før me heilt fekk grepet på dette, greidde dei å kontra inn utlikning.

Etter 34 minutt fekk Suldal hjørnespark. Ballen gjekk forbi feltet og ut til Øystein Nærheim på motsatt kant. Han la inn igjen der Ole Magnus Fauskanger var først på ballen og sette ballen trygt i mål til nok ei leiing, ei leiing me haldt til pause, sjølv om det var nære på rett før omgangen var slutt då bortelaget hamra eit langskot i tverrliggar og ned.

Etter pause vart det keeperbytte. Dawud Ibrahim Dawud erstatta Jørgen i målet. Kanskje var han litt uheldig då Brodd 2 utlikna til 2-2 eit kvarter ut i omgangen, men dette retta han godt opp då han viste ro og autoritet og sørga for at Brodd bomma på straffen dei fekk der dei hadde sjansen til å gå opp i leiinga. (Eller var straffen før utlikninga? Hugsar ikkje heilt.) Bom blei det uansett, og resten av omgangen rydda Dawud godt opp.

Det er liten tvil om at Tore er viktig i dei avgjerande fasane av spelet vårt. Me skulle få to mål i omgangen, og begge måla kom på kontringar der Brodd stod høgt oppe med laget sitt i angrep. Begge gonger fekk Tore tak i ein retur godt inne på vår banehalvdel, han fekk kjempa til seg ballen, haldt motstandar vekke og såg våre spelarar på løp. 3-2-målet var det Øystein som fekk pasningen. Han dribla og tråkla seg gjennom og skaut ballen flott i mål etter ein god prestasjon. Det var viktig å få dette målet.

Fem minutt før slutt fekk altså Tore ballen igjen. Denne gong spelte han til Rene som gav tilbake til Tore. Ballen vidare ut på kant til Øystein som la flatt inn framfor mål. Keeper var utspelt og Ørjan Underbakke viste målteft igjen og var på rett plass til å ekspedera ballen i mål. 4-2, og lufta gjekk litt ut av kampen.

Målskårarar blir alltid nemnd, men i dag kan me godt trekka fram det nykomponerte stopparparet. I første omgang var det kaptein JOne Utbjoa og Ingve Berge som rydda godt opp, men i andre omgang måtte Jone ut med skade. Han blei erstatta av Ingve sin nevø Daniel Berge Espe som stod til svært godt bestått i ny rolle!

Ein svært spennande kamp som kunne gått begge vegar, men deileg at den tippa i vår favør etter ein skikkeleg slitesiger. Fleire gode angrep, tendenser til godt pasningsspel, og framleis litt å jobba med når det gjeld å unngå langpasningar når me ikkje må. To sigrar og ein uavgjort etter tre kampar gir ein andreplass på tabellen etter Vaulen 2 som har vunne alle sine kampar.

Til helga er det bortekamp mot Stavanger 2, før nyopprykka Fiskå kjem på besøk i Prestavikjo kristi himmelfartsdag.

Lag:

Jørgen Andre Mikkelsen – Lars Lavalette, Jone Utbjoa, Ingve Berge, Torjus Steine – Mohammed Ibrahim Dawud, Rene Adjemi, Øystein Nærheim, Arin Eirikssønn – Ole Magnus Fauskanger, Tore Bendiksen Søraas.

Innbyttarar: Dawud Ibarhim Dawud, Tom van Ruiven, Daniel Berge Espe, Ørjan Underbakke, Pelle Tijhuis

Gult kort: Tore Bendiksen Søraas, to til Brodd 2

Mål:

14 min: 1-0: Mohammed Ibrahim Dawud, målgj. Tore Bendiksen Søraas

25 min: 1-1: Brodd 2

34 min: 2-1: Ole Magnus Fauskanger, målgj, Øystein Nærheim

60 min: 2-2.: Brodd 2

70 min: 3-2: Øystein Nærheim, målgj. Tore Bendiksen Søraas

85 min: 4-2: Ørjan Underbakke, målgj. Øystein Nærheim