Det var duka for sesongens andre bortekamp då Suldal reiste til tidligere så ærverdige SIF Stadion Siffen).  SIF 2 hadde før denne bataljen sanka med seg seks poeng på fire kampar. Suldal hadde på si side raska med seg sju poeng av ni mulige så langt. Med såpass jevn poengfangst burde dette bli eit tett og greit oppgjer i Stavanger, som viste frå ei vårleg side denne fredagskvelden.

I dette referatet vil underteikna basere teksten på gode gamle fotballsitat eller floskler som er eit ord som er meir brukt om desse.

«Å støte i bakrom»: Heile første omgangen var eit eviglangt støt i bakrom for heimelaget. Suldal stod skyhøgt med heile laget og bakrommet vart med det gigantisk. I dette rommet scora SIF2 både eit og to mål. Med null press på ballfører er det enkelt å score mål på eit Suldal med null deffensiv struktur over heile linja.

«Det ligger et mål i lufta»: Kvar einaste gong SIF 2 var over midten låg det eit mål i lufta. Usikkerhet, dårleg kommunikasjon og relativt låg taklingsevne gjorde sitt til at det var farlegheter i eit bankande denne omgangen. Legg ein til store personlege feil var det ikkje bare i lufta målet låg.

«Det var bare ett lag på banen»: I dei første førtifem minutta viste bortelaget tydeleg  at dei hverken hadde lyst eller var klar til å spele kamp. Spesielt dei første tretti minutta er denne floskelen betimelig. Heimelaget kjørte fullstendig kampen og me verka rådville. Etter trettisju minutt stod det 5-0 til dei kvite frå «byen». Midtbanen vår vart totalt overkjørt og ei rokkering måtte til.  Daniel gjekk  opp på midten og Rene ned som høgre back. Dette gjorde at me fekk roa det inn mot pause.

«Vi fulgte ikke kampplanen godt nok»: Planen var å veksle mellom korte og lange pasninger, motsatte bevegelser og trøkk i det deffensive arbeidet. Dette var me alle enige om at skulle utføras. Det var i alle fall planen fram til dommaren bles igong kampen. Planen me hadde lagd vart tydeligvis skrota då ingenting av det me hadde snakka om før kamp vart utført. For å prøve å vinne midtbanen å gjer eit forsøk la me om til 3-5-2 i pausen. Isak, Rene og Lars danna stoppar trioen, Tom og Aring på vingbacker, ein midtbane med Øystein, Daniel og Ingve sentralt og Tore i tospann med Ole Magnus på topp. Dette skulle vise seg at fungerte greit.

«Det er dommeren som dømmer»: Denne er fin og passer veldig godt til dommeren i dette oppgjeret. Ein dommer skal være tydelig, det var denne karen. Ein skal kunne reglar, det kunne ikkje denne mannen og ein skal kunne ha ein fin tone med spelerane. Det siste hadde definitivt ikkje denne dommaren. I ein arrogant stil vifta han spelet vidare i aust og vest, heiv rundt seg med dei gule haustfargane i situasjonar der han godt kunne holdt korta i lomma. Han sette eit tydeleg standpunkt relativt tidleg i kampen der Lars vart snytt for frispark rett før 4-0 målet. Det skulle likevel toppa seg då han dømmer inndirekte frispark til Suldal etter ein episode der Daniel blir stempla inne i sekstenmeteren til SIF2. Dette hadde alle andre dømt straffespark på, men ikkje denne karen. Heldigvis er Tore god når han trer ballen i mål. Ole Magnus spele ballen til Tore, plasserte kula i nettet. Uansett 5-1 og me leda andre omgangen.

«2-0 er en farlig ledelse»: Denne er litt feil for heimelaget hadde jo ein 5-0 ledelse å gå på. Likevel vart det litt kjekkare for oss på sida når me såg at Suldal tok tak i kampen og innsatsen var ein heilt annan enn det me hadde vore vitne til i første omgang. I denne tida hadde Ole Magnus blitt erstatta av vår nysignerte danske, Simon som kom inne med glød og trøkk. Ein herleg vilje til å bidra for å få opp gutsen i laget. I kampens 65 minutt kjem Simon mot mål litt skrått, men han prøver å skyte på mål. Uheldigvis for Simon, men heldigvis for Tore så blir skuddet ein sleiv som endar i føtene på Søraas. I eit gapande bur set han inn ballen til 5-2. Skulle det snakkas om ei farleg 5-0 leiing?

«Det er målene som teller»: I ein god suldalsperiode skulle SIF komme opp til ein sjelden visitt. Med eit Suldal i ubalanse etter jaget etter enda ei redusering aukar heimelaget leiinga til 6-2 bak Dawud. Ufortjent må seiast, men det er mål som telles i fotball, ikkje overtak.

«Vakkert slått pasning»: Suldal gav seg ikkje og jobba godt i denne omgangen. Ingve som hadde starta kampen som midtstoppar hadde flytta seg fram og var i ein posisjon som i alle fall ikkje storebroren visste at han skulle befinne seg i. Likevel skulle han vise god teknikk då han ikkje slo, men på ein måte chippa ein vakker pasning over forsvaret til heimelaget. I enden av ballbanen stod Simon og lett sette ballen i mål til 6-3.

«Game set match»: Usikker på om dette er eit fotballsitat, men likevel greit å bruke då leiinga vart auka til 7-3. Suldal står høgt for å presse fram nok ei redusering og då skjer det som ofte skjer…at målet kjem i andre enden. Ferdig arbeid for SIF 2 og dommer kunne endeleg gjer ein fornuftig inngripen med å blesa av kampen.

«Det viktigste er å delta»: Nei, det viktigaste er å vinne. I alle fall i seniorfotball. Ikkje deltok me heller dei første førtifem. Ein tragedie av ein første omgang vart omgjort til positivitet i kampens andre akt. Ein ny glød og meir trøkk i laget. Det er kjekt å ta med seg til neste kamp

«Ta en kamp av gangen»: I skrivande stund har me nå tatt denne kampen og ser fram til neste, som er i Prestavikjo torsdag 26 mai mot Fiskå. Me lærer mykje av å misslykkas og lære bør me ha gjort etter denne kampen. Det skal nyopprykka Fiskå få kjenne på.

Laget: Jørgen, Daniel, Isak, Ingve, Lars, Øystein, Rene, Pelle, Mohammed, Ole Magnus, Tore

Benk der alle spelte og bidrog godt: Arin, Tom, Dawud og Simon

Mål/assist

Tore/ Ole Magnus

Tore/Simon

Simon/Ingve