Snøen har smelta, skia er lagt vekk for ei stund og joggeskoa er komen på beina. Idrettslaga i regionen: Hjelmeland IL, Sauda IL og Vindafjord IL har alle arrangert fleire flotte og kjekke løp i vår, og Suldal IL har vore representert med store og små deltakarar. Her er ei oversikt:

Her frå Ølmedal Rundt 2022

Fisterløpet

Kr. Himmelfartsdag ønskte Hjelmeland IL igjen velkommen til sitt tradisjonsrike, familievenlege og flotte terrengløp på Fister. 50 deltakarar gjekk tur, og vel 100 personar sprang fort. Arrangementet starta med barneløp: 49 ungar, t.o.m 4.klasse, deltok i den 600-meter lange terrengløypa utan tidtaking. Her deltok Tarjei Moe Handeland, Åbjørn Marcussen Moe, Olav Marcussen Moe, Vegard Moe Handeland og Klara Marcussen Moe frå Suldal IL. Ingen juniorar frå Suldal var med, ei heller hadde me lag i stafetten. 8 lag stilte i stafett, kor det var 3 etappar på 1,5km. Nokon av løparane frå Suldal meinte at neste år må også Suldal stille lag, for det såg veldig kjekt ut…

Etterpå var det 7,5km for menn og 4,5 km (3 rundar) for kvinner.  Øyvind Røgenes, som vann Fisterløpet i 2017, sprang eit godt løp og enda på ein flott 2.plass etter Henning Tjøstheim frå Jørpeland/Spirit Friidrettsklubb

 

Resultatliste: Fisterløpet 2022, senior menn

Saudaløpet

Under Saudadagane i slutten av mai, inviterte Sauda IL til Saudaløpet. I flott vêr stilte Suldal IL med 5 løparar. Klara Marcussen Moe, Olav Marcussen Moe og Vegard Moe Handeland deltok i barneløpet (ein runde på idrettsbanen), og dei hadde verkeleg god fart i beina. Suldal IL stilte med to løparar i aktiv-klassen: 5,3km løype frå stadion-Kastfoss-Birkeland-stadion. Løpet blei vunne av suverene Finn Isaksen (GTI friidrettsklubb), med ei veldig sterk tid. Jens Marcussen frå Suldal IL sprang inn som nr.11 i klassen menn senior. God fart hadde også Åbjørn Marcussen Moe som debuterte i aktiv-klassen, og sprang inn til ei flott plassering (nr.7) i ein hard juniorklasse gut (opp til 15 år). Klassevinnar vart Elias Dybing frå Sauda IL.

Resultatliste: Saudaløpet 2022. junior & senior menn

Ølmedal Rundt

Vindafjord IL inviterte til det tradisjonsrike løpet Ølmedal Rundt 2.pinsedag. Løpet trekkjer mange løparar, mosjonistar og publikum, og er ein folkefest i seg sjølv.  Etter to år med korona-restriksjonar var løpet endeleg tilbake i sin vante form, og arrangøren var godt nøgd med over 430 deltakarar. I steikande sol og ein gradestokk som viste +24, vart det varmt i den 7km lange løypa rundt Ølmedalsvatnet. Tradisjonen tru, er det fleire suldøler som reiser til Ølmedal; anten som trimmarar, tilskodarar eller aktive løparar. Suldal IL hadde fleire løparar til start i aktiv-klassane, og viste også godt igjen på sigerspallen i juniorklassane: Åbjørn Marcussen Moe (nr.3), Mathea Vik (nr.2) og Thomas Bakka (nr.3). Også Daniel Bakka deltok (nr.8).

I seniorklassen var det, ikkje overraskande, Øyvind Røgenes som vart beste suldøl på ein 8.plass i herreklassen. Også Jens Marcussen (nr.28), Magnus Bakka (nr.56) og Lars-Egil Bakka (nr.75) frå Suldal IL gjennomførte løpet.

Fem minutt etter skotet frå startpistolen for dei som skulle rundt vatnet, smalt det igjen for ungane som skulle springa den ca. 500-meter lange barneløypa. Her deltok Cecilia Vik, Olav Marcussen Moe og Klara Marcussen Moe frå Suldal IL.

Resultatliste: Ølmedal Rundt 2022 (topp 12)

I helga ventar NM i motbakkeløp i Sauda: Hovlandsnuten Opp.                                                       Lykke til alle som skal delta der!