Topplaget Vaulen 2 var gjester i Prestavikjo i dag. Dei har vunne alle sine seks kampar før dagens dyst. Suldal er skadeskotne, men stilte likevel med eit lag som nesten braut sigersrekka til gjestene.

Tidleg kampstart var ønskjeleg, for det var visst ein konsert med eit ungt, fremadstormande band som berre skulle spela i nått og i går nått som skulle rekkast i Stavanger.

Daniel skåra målet i dag.

Suldal var i alle fall klar. Etter litt startpress frå gjestene, var det me som gjekk opp i leiinga etter 13 minutt. Vaulen hadde laget høgt i banen, men greidde ikkje avslutta. Ballen kom ut i midtbanerommet der Rene Adjemi kjempa ballen til seg og sendte ein glimrande gjennombrotpasning mellom midtstopparane og til Daniel Berge Espe. Han var først på ballen, førte nokre meter før han roleg sette ballen til side for keeper. 1-0 til Suldal. Det skal seiast at mannen med målgivande, Rene, hadde ekstra motivasjon for å vinna, han spelte i sine unge år eit par sesongar for dei oransjekledde frå Vaulenstranda. Og når me er inne på erfjordbuar; Vaulen har eit par i stallen sin. I dag var John Herman Ås kaptein på bortelaget, mens sambygding Vegard Natland ikkje våga å møta oss…. (eller han spelar helst på 1’ar-laget…)

Det vart ein jamn og tett kamp, der Suldal nok leverte årsbeste når det gjaldt det defensive arbeidet. Taktikken til Tor Olav Berge frå andre omgang borte mot SIF 2 blei henta fram, og me spelte 3-5- i dag. Det gjorde at me fekk tetta igjen midtbanen og hidra gjennomspel der. Og forsvaret vårt starta med hard jobbing frå spissane våre som starta presset.

Sjølv om det er 20 år sidan Rene spelte for Vaulen, så møtte han gamle lagkammeratar i dag.

Gjestene hadde gode tendenser, men kom seg ikkje til dei heilt store sjansane i første omgang. Størst sjansar hadde nor Tore Bendiksen Søraas, først då han kjempa til seg ball på midtstreken, såg at keeper stod langt ute og i lufta med kroppen i feil fartsretning fekk sendt i veg eit skot med venstrefoten som hadde rett retning mot mål. Dessverre var det litt for lite kraft i ballen slik at keeper rakk tilbake. Tore kunne og med marginene på si side sett i mål eit godt innlegg frå Arin Eirikssønn med headinga si, men han kom nok litt for skrått på mål.

Ein god førsteomgang, der laget verkeleg. jobba saman, og blei godt dirigert av Torjus Steine frå midtstopparposisjonen sin.

I andre omgang fekk me ikkje tak i ballen like mykje. Vaulen tok gradvis over spelet, og nærma seg mål litt etter litt. To gonger redda Ørjan Underbakke avslutning på strek, og elles var me helst på gjestevisitar hos bortelaget sin målvakt. Herleg arbeidsmoral, og tydelege beskjedar til kvarandre gjorde likevel at det framleis stod 1-0 då det var spelt i 89 minutt. Så fekk bortelaget eit frispark på si høgreside utanfor straffefeltet. Dei som var oppi situasjonen meinte det var ei rein takling, men like fullt bles dommaren. Vaulen tok frisparket, og omsider var det dei som vann duellen og fekk ballen i mål. Kanskje ikkje ufortent, men surt når det var så kort tid igjen.

Så gjenstod overtida. Me greidde ikkje få tak i ballen, Vaulen pressa på for å stå med sju strake sigrar. Det greidde dei då dei fekk avslutta frå nært hald. Dawud Ibrahim Dawud var raskt nede og fekk ei hand på ballen, men returen hamna i feil bein. Bortelaget kunne jubla, og heimelaget måtte sjå at alle poenga tok vegen ut dalen. Uavgjort kunne ein levd greit med, men tap skulle me ha unngått. Likevel kan ein seia at det var mykje oppløftande, spesielt den defensive jobben der me verkeleg spelte som eit lag.

Det har ikkje blitt så mange poeng i Prestavikjo i år, men det er lenge sidan me har stått igjen med 0 poeng. Me får reisa kjerringa igjen alt på tysdag. Då er det bortekamp mot Hjelmeland, ein kamp som blir sendt på Aftenbladet TV. Følg med i Aftenbladet for reportasje!

Fakta:

Mål:

13 min: 1-0: Daniel Berge Espe, målgj. Rene Adjemi

89 min: 1-1: Vaulen 2

93 min: 1-2: Vaulen 2

Gult kort: Vaulen 2

Lag:

Dawud Ibrahim Dawud – Jone Utbjoa, Torjus Steine, Johannes Wigestrand – Arin Eirikssønn, Rene Adfjemi, Ørjan Underbakke, Håvard Fatnes, Tom van Ruiven – Daniel Berge Espe, Tore Benidksen Søraas.

Innbyttarar: Jørgen Lund, David Roganovic Larsen