Aftenbladet henvendte seg til oss før kampen mellom Hjelmeland og Suldal der de kunne fortelle at de ønska å sende denne kampen på direkten med kommentator og heile greia. Dermed skulle tonen og rammene var satt før kampen.
Før denne kampen kom me frå eitt heiderleg, men surt tap mot Vaulen 2 i ein kamp der me viste oss frå vår beste side deffensivt. Suldal har sluppet inn altfor mange mål denne sesongen, så kampen mot Vaulen 2 var ein opptur og me kunne ta med oss mykje positivt frå denne kampen inn mot oppgjeret mot Hjelmeland.

Dawud hadde ein god kamp mot Vaulen 2 og starta også kampen mot Hjelmeland mellom stengene. Det var allerede klart før kamp at det skulle bli målvaktsbytte i pausen, men Dawud hadde ein god kamp og vart kåra til vår bestemann etter kampen mot Hjelmeland. I pausen kom Jørgen inn og opplevde ein omgang både han og resten av laget ikje kan vera stolte av. Det er ikkje lett å vera bakerste mann når laget blir overspelt, men enkelte avgjersler bør Jørgen ta på sine skuldre. Det er lite treningsmuligheter for den unge sandbuen i Stavanger og ein må tru at dette var avgjerande for nokre av baklengsmåla. Nå håpar ein bare at Jørgen gløymer denne kampen og plukkar opp hansken og kjem sterkt tilbake. Det bur ein god keeper i den høgreiste unge karen.

I forsvar starta Jone, Torjus og Johannes i ein sentral treer bak. Dei hadde ein god kamp mot Vaulen 2 saman og fekk fornya tillit i denne kampen. Mot Hjelmeland stod de godt opp og jobba bra frå start av og nekta heimelaget dei store sjansane. Synes de hadde grei kontroll i første omgang. Etter pause var det motsatt og totalt kollaps for heile laget og dei tre bak viste verkeleg at i slike kampar må ein var framme i skoa og konsentrere seg 100%. Hjelmeland kom til mange sjansar og det verka som det me hadde sett mot Vaulen 2 var heilt borte. Missforståelser, tapte duellar og dårlege klareringer. Dette vart ein kamp der ein fekk sjå kor sårbare ein blir om laget ikkje fungerer.

På sentral midtbane starta Ingve, Rene og Håvard noko passivt og rådvillig frå start av. Likevel spelte dei seg godt opp utover i første omgang og avslutta omgongen med eit positivt inntrykk. På vingbackane starta Tom og Arin og spelte ein grei første omgong. Til andre omgong måtte me gjer eit byte der Tom gjekk ut med skade og Ørjan kom inn. Håvard gjekk ut på vingback og Ørjan inn sentralt saman med Ingve og Rene. Det positive midtbanen hadde vist utover i første omgang var tydelegvis blitt lagt igjen i garderoben for makan til kollaps har underteikna knapt sett. Midtbanen vår vart fråsprungen, utdribla og kjempa i senk av eit meget fysisk og godt heimelag. Midtbanen vår skal vera motoren i laget, men me var ei maskin utan motor i det heile. Hjelmeland utspelte oss både sentralt og ute på kantane. Med eit forsvar og ein midtbane totalt utspelt så vart denne kampen eit mareritt.

På topp starta Tore og Hallvard. Søraas hadde fått mykje omtale før kampen både på grunn av at han er mestskorande for Suldal etter 2009, men også fordi han var inne på Aftenbladets kåring av topp 5 spelerar i 6 divisjon. Tore svarte med å putte to mål i første omgangen og varsla fleire mål på direktesendt TV i pausen. Dette kunne også dagens lagleiar Tor Olav predike og lova i alle fall eitt mål til av Suldals toppskorar. Både underteikna og Tore måtte ete desse orda etter kampen då både Tore og Hallvard levert ein fatal andre omgang saman med resten av laget. Eit byte der Hallvard gjekk ut og Ole Magnus kom inn hjalp heller ikkje. Suldal hadde knapt ein avslutning i marerittomgangen på Hjelmeland stadion.

Som nevnt ovenfor fekk me oppleve tidenes kollaps då me leda 2-0 til pause, men avslutta kampen med 7-2 tap. Nå må me reise oss og sjå framover. Samtlige involverte i Suldal A-lag må sjå seg i speilet og finne ut kva ein må forbedre seg i. Underteikna veit det er nok å ta tak i. Heldigvis kjem det ein ny kamp allerede fredag 17 juni mot Storhaug. Dette er sjansen vår til å vise at me verkeleg vil vinne og at me vil var med og kjempa blant dei 4-5 beste laga i divisjonen.

Mål/ assist
Tore/ usikker
Tore på frispark

Laget: Dawud, Jone, Johannes, Torjus, Ingve, Rene, Håvard, Arin, Tom, Tore og Hallvard
Benken der alle fekk spela: Lars, Ørjan, Pelle, Mohammed, Jørgen, Ole Magnus