Hallvard Erfjord var involvert i alle tre måla i dag.

Etter den famøse opptrednen mot Hjelmeland var me igjen klar for bortekamp. Denne gong var motstander, Storhaug som me allerede tidligere i sesongen hadde møtt og delt poeng med.

Til denne kampen hadde me mista enkelte spelerar og andre fekk fri. Det var likevel ein god og fin tropp som gjekk inn dørene på det gamle garderobeanlegget på Midjord. Det er eit nytt og flott bygg med nye garderober rett ved, men dette er nok forbeholdt Brodd som tydelig har førsterett på alt på dette kommunale anlegget. Likevel var fasilitetene greie sjøl om me nærmast delte garderobe med dagens motstander.

Garderobene er utforma slik at det er to rom utan dører med felles dusj i midten. Det vil sei at praten før kamp og strategien var open for motstander å høyre. Likevel kan ikkje Storhaug hørt godt nok etter for dette var kampen der Suldal skulle bli fuglen Føniks.
Dagens lagleder Tor Olav har snakka til det kjedsommelige om moral, guts og å holde seg til kampplanen. Dette har gong etter gong svikta, men denne fredagen vart alt me vart enige om fulgt til punkt og prikke.
Me har sluppet inn «lassavis» med mål denne sesongen og midtbanen vår har fungert som ei sil med store holder. Derfor starta me i ein ultradeffensiv stil i 3-5-1-1 der stoppartrioen var Ingve, Johannes og Marcus. På backene starta Ole Magnus og Torjus mens fireren sentralt vart danna av Ørjan i ei djup rolle med Håvard og Rene framfor seg. Jone starta i ei offensiv midtbanerolle med Hallvard framfor seg. På benken hadde me Tom og Daniel som begge fekk speletid.
Underteikna har sett nokre kampar av Storhaug denne sesongen og visste dei ville slå mykje langt på vingane sine. Dette var viktig å demme opp for samtidig så me måtte hindre dagens motstander å trille ball. Dette er eit voksent lag som er gode både på bakken og i lufta, så me måtte utkjempe de med trøkk og mykje kamp i duellane.
Storhaug vil nok føle at dei skulle lede etter første omgang basert på sjansene de skapte. Sjøl om Suldal kjempa godt og stod godt i taktikken, så er den vesle Eureka-banen på Midjord eit grønt areal med slitent kunstgras der heimelaget er godt kjent og beherskar godt. Det var derfor ikkje ufortjent at heimelaget gjekk opp i leiinga etter om lag 20 minutt. Ein lang ball kom seg gjennom forsvaret vårt og løpet til spissen deiras var godt. Dagens målvakt Dawud måtte derfor sjå ballen trilla under seg og i mål. Greit nok, men nå måtte me «opp i ringa» og slå tilbake.
Då det stod 15 minutt igjen av første omgang var det vår tur til å få mål. Ein herleg langpasning frå Ingve traff Ole Magnus som igjen slo fint inn til Hallvard. Spissen frå Erfjord gjorde ingen feil å sette ballen kontant i nettet.
HERLEG!! 1-1
Me fortsatte å kjempe i kvar duell og guttane jobba knallogodt. Torjus jobba til og med på seg ein slags låsing i kneet, så me måtte gjer eit bytte med om lag 10 minutt igjen av omgangen. Ein litt motvillig Jone vart plassert på høgre vingback og Daniel kom inn i den offensive midbanerolla. Han løyste denne jobben meget godt og Jone viste seg frå ei god side på høgresida. Omgangen skulle slutte på deiligste mulig vis då Hallvard på ny kom aleine med målvakten. Ballen dabba litt, men dette fiksa måljegeren våg greit då han slo ballen fint over ein forfjamsa burvoktar.
NYDELEG!!! 1-2
Omgangen ebba ut og me kunne ta pause med ei deilig leiing. I pausen var det ei positiv gruppe i gult og svart som var enige om å holde fram med trøkk og intensivitet. Jone fortsatte på backen, Daniel beholt sin posisjon og Torjus hadde låst opp låret sitt og kom inn i forsvaret der me bytte ein god Marcus ut.
Andre omgong var Suldal sin frå start til slutt. Me takla, sprang og jobba enormt godt. Der me i første omgong nok var litt heldige og effektive var me i denne omgangen mindre effektive, men det vart
skapt mange gode sjansar.
Då det gjenstod 20 minutt av kampen vart Hallvard spelt fint gjennom, runda målvakten og vart felt. Soleklar straffe og Jone kunne entra manesjen som fast straffeeksutikør. Den hårfarge kapteinen vår gjorde ingen feil frå ellevemeteren og sette ballen fint i garnet.
UBESKRIVELIG DEILIG!!!1-3
Nå var Storhaug guffne og sure som dei ofte er. Dette gjekk ut over dommer, men de slang med leppa til fleire av oss andre og. Dette laget har ein lei tendens til dette og det er derfor ekstra kjekt å vinne over dei.

Suldalsguttane jobbe sokkene av seg og då Daniel varsla at han var sliten kom Tom inn som spiss og Hallvard la seg bak han. Tanken var at Tom skulle jaga på topp og han gjorde ein god jobb. På overtid skulle Storhaug redusere. Johannes var uheldig å fekk ballen  i hendene på 16,5 meter og frispark til heimelaget i god posisjon. Eit godt frispark enda bak Dawud og stillinga vart 2-3. Dette resultatet holdt seg til slutt og me vant ein deilig seier. Det var også kjekt at Mohammed tok turen for å heia. Den unge karen som for tida er skada er eit positivt innslag i garderoben og hjalp til med vannflasker og diverse. Heilt topp Mohammed!

Neste kamp er den utsatte kampen mot Hinna 2. Denne går på Hinna stadion søndag 26 juni
Laget: Dawud, Johannes, Ingve, Marcus, Torjus, Ole Magnus, Ørjan,Rene, Håvard, Jone og Hallvard
Benk: Tom og Daniel