Til denne kampen hadde me fått forfall dagen før, men fekk heldigvis henta inn ein gammal kriger i Sigvart Vårvik. Det skulle vise seg at me måtte bruke han meir enn han hadde tenkt, for me kom skikkelig på tannkjøttet utover i kampen mot Hinna 2.

I følge lagleder på Hinna 2 er dette eit rekruttlag som skal fungere som ein link mellom dei to juniorlaga og seniorlag som er i fjerde divisjon. Det viste seg både til denne kampen og kampen mot Fiskå at dette ikkje var tilfelle. I alt fire spelerar til kampen mot oss hadde spelt siste kampen for A laget som per nå ligg på 2 plass i fjerde divisjon. Det er litt ufint gjort mot eit lag som reiser langt ein søndag, men ok, dei om det.
Me kom frå ein strålande seier mot Storhaug og ønska å ta med oss den gode prestasjonen inn i denne kampen. Formasjonen, 3-5-1-1 som me brukte mot Storhaug fungerte så bra at me valgte å bruke denne til dette oppgjøret på Hinna stadion.
Som seg hør og bør er det alltid forandringer i laget vårt og me bytta heile forsvarstreeren etter at hverken Marcus, Ingve eller Johannes var disponible til denne kampen. Dermed vart det Rene, Isak og Torjus som skulle fungere som forsvarsmur framfor Dawud I mål. På backene hadde me Håvard og Tom med ein midtbanefemmer bestående av Ørjan, Jone, Øystein og Daniel. Hallvar skulle patruljere på topp. På benken satt Sigvart mens Tore kom til andre omgang.
Omtrent femten minutt ut i oppgjeret signaliserte Isak at han måtte bytte og Sigvart vart sett i oppvarming. Byttet skulle være greit med ein stoppar ut og ein inn. Det viste seg likevel at det var eit anna bytte som ein måtte gjer, for den notorisk strekkskada Hallvard måtte ut. Dermed var Isak igjen på banen, Rene vart flytta opp på midtbane, Jone inn i offensiv midtbane og Daniel på topp.
Hinna 2 hadde frå den aldrende dommeren bles i gang kampen og til om lag tjue minutt kjørt kampen, men dei hadde ikkje produsert så mange sjansar. Det skulle vise seg at dei likevel kom til å få det berømte holet på byllen. Ein av superspelerane deiras kom rundt på venstrekant og slo inn. Inne i boksen var det ein rødkledd som fint plasserte ballen i nettaket. Fortjent leiing til heimelaget sjøl om me hadde gjort ein grei jobb fram til målet.
Underteikna synes det var mykje bra i Suldal, men det var tydelig at Hinna 2 hadde med seg spelerar som ligg på eit og to nivå høgare enn sjette divisjon. På nytt komm venstrekanten deira seg laus og la fint inn i boks. Direkte på volley banka spissen deira inn 2-0. Eit flott mål som viser oss kor dette nivået ligg. Sjøl om heimelaget var best så klarte me å holde inn til pause med dette resultatet.
I pausen fekk Isak sitt bytte og Tore kom inn. Igjen vart Rene flytta bak, Jone ned på midtbanen, Daniel på offensiv midtbane og Tore på topp. Laget var greit fornøyd med innsatsen for sjøl om ein ligg under er det greit nok når overmakten er så stor. Me fortsatte vårt spel og trøkka greit til i duellane. Hinna 2 hadde på si side tatt ut ein junior og satt inn kapteinen for laget i fjerde divisjon. Kva poenget med dette var er ikkje underteikna sikker på, men han viste fort sin klasse. Ti minutt ut I andre omgong auka heimelaget til 3-0. Flott spel og gode bevegelser gjorde at forsvaret vårt oppa seg totalt. Litt for lett mål.
Me snakka om å ikkje henga med hovedet om resultatet gjekk i mot oss før kampen starta. Det var kjekt å sjå at så ikkje skjedde og gutane i gulsvart fortsatte å kjempe. Då om lag tjue minutt av omgangen var spelt kjempa Daniel godt i feltet til heimelaget og fekk tuppa ballen til Øystein. Nærheim var sikker og sette ballen fint i mål. 3-1
Dette kunne tydeligvis ikkje Hinna 2 vera bekjent av og fossa i angrep rett etter avspark og kom rundt på høyre kant. Innlegget var flott og avslutningen prikken over i en. 4-1 og nok ett flott mål.
Daniel har virkelig tatt steget denne sesongen og skulle igjen sikre seg eit målpoeng. Eit strålande frispark frå Ørjan traff skallen til Berge Espe, som nikka ballen i notå. 4-2 lar seg virkelig høre.
Dette resultatet stod seg i om lag femten minutt med enveiskjør mot Dawud sin målgård. Dei var lynraske og presise nok til å gjer sletne suldalsføter møre og det femte målet låg i lufta. Deira offensive høyreback slo mange gode innlegg som suldalsgutane hadde klarert, men etterkvart var det feil fot i enden på innlegget. Utagbart for Dawud og 5-1.
Nå kom den berømte ketchupeffekten for både mål nummer seks og sju kom. Alle etter ein blanding av flott spel og slitne suldøler. Hinna 2 gav seg ikkje før det stod 8-2 i dommerens bok. Det siste målet kom på straffe.
Stygge siffer, men slik blir det ofte når spelerar som trener ein til to gonger i veka møter spelerar som lett legg bak seg både fire og fem økter i veka. Ein fortjent seier, men underteikna håper at det er med litt bismak med tanke på spelerane dei bruke langt frå er rekrutter. Det er nok ein del juniorer som heller hadde aspirert til rekruttlag en fleire av dei som deltok i denne kampen.
For Suldal sin del er det nå ferie og tid for å lege sår, strekker og sjølvtillitt. I august er me igjen klar til kamp og me skal gå kraftig ut frå startblokkene den 20 august mot ein gammal rival, POL.
God sommer og kos dåkk
Mål/assist
Øystein/Daniel
Daniel/ Ørjan
Laget: Dawud, Isak, Rene, Torjus, Ørjan, Jone, Øystein, Daniel, Hallvard, Tom, Håvard
Tore og Sivart på benken