Pol var gjester i den første kampen for sesongen.

Pol ligg sist på tabellen, men har plukka ein god del poeng. Det var med andre ord ingen grunn til å ta lett på denne kampen, Med tap ville me vore omtrent likt på tabellen. Med siger fekk ein los på 3. plassen og det beste 1’ar-laget i pulja. 1. og 2. plass ser ut til å vera vanskeleg å gjera noko med, 2’ar-laga til Hinna og Vaulen satsar stertk på opprykk.

Mange gode namn på blokka vår til denne kampen, og sjølvsagt noko fråfall. Nokre har trent godt siste del av sommaren, mens andre har mange andre ballar i lufta og ikkje fått så mykje fotballkontakt.

Ein heilt ny spelar er komme inn i laget, den andre danske legen på laget vårt; Rasmus Cramer. Frå før har me alt stifta kjennskap til Simon Skov Short. Spesielt Rasmus har erfaring frå høgare nivå enn vårt, og det viste seg på banen i dag at han blir ein god forsterking på midtbanen med teknikk, duellstyrke, overblikk og ro med ballen. Sjå og lær av han framover!

Suldal var best i banespelet stort sett gjennom heile kampen. Når me spelte ballen langs bakken, fekk me stort sett gjera som me ville fram til Pol sin 16-meter. Men då me skulle avslutta, blei det mykje slurv og unøyaktigheit både i avgjerande pasning og i avslutningar. Her var det rustent!

Pol var best på det me visste dei var best på: Dødballar. Dei var betre enn oss i lufta innanfor vår 16-meter, og det skåra dei to mål på. Dei hadde også to store sjansar på hjørnespark i første omgang som dei ikkje fekk mål på. Me var nok heldige at ikkje minst ein av desse gjekk i mål, men me burde absolutt hatt ballen i nettet i første omgang me også.

Det var Pol som fekk einaste målet i 1. omgang, på eit frispark som dei kjempa i mål. Det var surt, for i banespelet hadde den nykomponerte og unge backtrioen Tom van Ruiven, Marcus Karlsen og Håvard Fatnes bortimot full kontroll. Sterk kamp av desse, samt David Roganovic Larsen som måtte erstatta Marcus uti kampen.

I andre omgang hadde me ballen stort sett heile tida. Ofte greidde me å spela flott fotball nesten heilt fram til mål, og nokre gonger svikta konsentrasjonen slik at me sendte nokre lange ballar som Pol rydda greit opp i.

Utlikninga skulle venta ei stund på seg, men den kom etter 63 minutt då me greidde å kjempa eit hjørnespark i mål. Sist på ballen var Hallvard Erfjord, som slit svært med ein strekk og derfor berre spelte slutten av kampen. Han var likevel der han skulle vera, og det var deileg å få hol på byllen.

Dessverre fekk Pol også hjørnespark, og i tumultene i feltet var Håvard uheldig og var sistemann på ballen før den for i mål til leiing for gjestenen. Så var det altså på an igjen med å henta inn motstandaren.

Utlikninga kom etter 85 minutt. Nok ein gong var det hjørnespark, eit av mange frå playmakeren med ein god dag på jobben; Ørjan Underbakke. Ballen hamna til slutt i nettet til 2-2, trudde me. Men den gode dommaren Warren Wade fekk summa seg etter å først ha dømt mål og avgjorde at dytten av Tore Bendiksen Søraas i forkant av målet måtte gjera at det blei straffe. Heldigvis sette Tore den sikkert i mål. Fem minutt igjen av kampen, pluss fire minutt tillegg. Me jobba på for å få ballen inn i avslutningsposisjonar, men det ville seg ikkje. Ikkje før Øystein Nærheim fekk tak i ballen på omlag 20 meter. Han vende litt fram og tilbake og leita etter ein open skotposisjon. Den fann han, og skotet gjekk over Polforsvaret og keeper og rett i mål. Endeleg traff Øystein på avslutninga si i dag, etter mange halvvegs forsøk. Fantastisk deileg å få avslutta kampen med å ta tre poeng!

Neste helg er det seirepause, før det er bortekamp mot Brodd 2 2. september. Neste heimekamp er laurdag 10. september, ein kamp som dessverre kolliderer med Suldalscupen som skal gå på Jelsa.

Fakta:

Mål:

43 min: 0-1: Pol

63 min: 1-1: Hallvard Erfjord

75 min: 1-2: Pol (sjølvmål)

85 min: 2-2: Tore Bendiksen Søraas straffe

94 min: 3-2: Øystein Nærheim

Gule kort: Daniel Berge Espe + eitt til Pol

Lag:

Dawud Ibrahim Dawud – Tom van Ruiven, Marcus Karlsen, Håvard Fatnes – Mohammed Ibrahim Dawud, Rasmus Cramer, Ørjan Underbakke, Øystein Nærheim, Rene Adjemi – Jone Utbjoa, Tore Bendiksen Søraas

Innbyttarar: Daniel Berge Espe, Hallvard Erfjord, Arin Eirikssønn, David Roganovic Larsen