Første treningsøkt for 1. klassingane, her representert med alle spelarane, ei mor og ein trenar.

Dagen før den store dagen, første skuledag for 1. klassingane, hadde 6-åringane sin første fotballtrening i Prestavikjo.

Alle ni som skal starta på Vinjar skule i morgon var på plass med stjerner i blikket og beretning om at dei hadde gleda seg stort til endeleg å få vera med på fotballtrening! Med på lasset var også minst ein vaksen i støtte, både til å vera med på øvingar, knyta sko og trøsta om ein ball blir litt hard.

Kristien Bøe Berge og Helge S. Lauvsnes har teke på seg oppdraget med å leia treningane, noko me er svært glade for. Den oppgåva greidde dei med glans denne første treningsøkta. Ungane får ei trening til neste søndag, før dei alt laurdag 3. september skal vera med og spela i Røldalscup.

Det var lett og sjå at alle hadde god erfaring med å føra ball, mens det nok var ulik erfaring med akkurat det å spela fotballkamp. MEN det er jo dette dei skal trena på, og det var store framskritt og sjå alt på første trening. Lukke til!