Takk for kampen!

Laurdag 3. september var det tid for Røldalscup 2022 i strålande førhaustver. Det blei ein heil gjeng i gul og svart som tok turen.

I fjor var Suldal IL med på cupen for første gong, og den gav meirsmak. Sjansen til å møta nye og ukjente motstandarar, 3’ar-fotball for dei minste, reine jentelag og eit kompakt arrangement var absolutt på pluss-sida, noko som gjorde at me ville vera med i år også. Med om lag 50 spelarar og 12 lag i gult og svart frå Suldal IL, så vart me klubben med flest lag. Me viste godt igjen. Dessverre var det nokon som vart sjuke i siste liten, men fleksible spelarar, lagleiarar og foreldre gjorde at me fekk nok spelarar til alle lag og alle kampar.

(Bildegalleri i slutten av innlegget.)

Me hadde 15 stk 6-7-år-åringar fordelt på fem 3’ar-lag i MIX-7-klassen. Mange av desse spelte sin første fotballkamp i livet, og hadde på seg drakt for første gong. Super innsats i bingen frå desse! Med 3’ar-fotball kjem alle spelarane ofte borti ballen og kjenner verkeleg at dei har vore med på kamp.  Med fem lag i klassen blei det mange internoppgjer, men innsatsen var like stor om det var kjente ein spelte mot.

MIX-8 stilte med sju gutar og jenter og kom godt ut av det mot Skare IL, Odda IL og Tyssedal IL, og nokre av desse spelarane måtte trø til og hjelpa G9-laget vårt. Der var det berre tre spelarar igjen, men med hjelp frå MIX-8 og jenter frå J9-10, fekk dei fullt lag og fekk prøvd seg mot Harding IL, Odda IL, Røldal IL og Skare IL.

Det som er ekstra kjekt med cup utanbygds, er at ein får sjanse til å spela reine jentelag. I klassen J9-10 stilte Suldal med 11 jenter fordelt på to lag. Det blei jamne kampar mot to Odda-lag, og ein prestisjekamp mellom dei to jentelaga der begge lag kunne vunne, men der det eine drog i land ein 1-0-siger.

I G10-klassen stilte me også med to lag. Vanlegvis er dette ei talrik gruppe hos oss, men denne helga var det ein del andre ting som skjedde også. Me hadde dermed sju spelarar fordelt på desse to laga. Då var det berre til å låna av kvarandre. Dermed fekk alle spelarane mykje speletid. Ein skulle tru dette var ein årsklasse med mange deltakarar, men det var berre fire lag i pulja, to suldalslag, eitt Odda, og gamle kjenningar frå IL Sand. Skulle gjerne hatt med fleire lag frå Suldal kommune enn berre eitt frå Sand. Til internkampen lånte gutane inn spelarar frå jentelaget.

Eldste laget vårt i turneringa var i klassen G11-12. Her møtte me tre Odda-lag og eitt frå Røldal. Det var nok i denne årsklassen Suldal møtte hardast motstand i samspelte oddingar, men innsatsen var upåklageleg likevel.

Strålande ver sette prikken over i’en på ein kjekk cup-dag. Neste helg er det cup igjen, då er det Suldalcup på Jelsa laurdag 10. september.