Alle teikningar: Nenad Ignjatic.

Mange vil ha fått med seg at Suldal IL jobbar med å utvikla Prestavikjo stadion til eit nærmiljø- og fleiridrettsanlegg. 

Prosjektet blei spelt inn til Suldal kommune til budsjetthandsaminga 2023, der kommunestyre gav løyve på Suldal kommune sin del av spelemiddelprosjektet. Suldal kommune har også forskottert fylkeskommunen sin del av spelemidla, samt hjulpe idrettslaget på veg med forskottering av mva-kompensasjon. Ressursgruppa for Prosjekt Prestavikjo i Suldal IL jobbar med å skaffa sin del av midlane til prosjektet gjennom  støtte frå stiftingar, næringsliv og andre.

Hausten 2023 ferdigstiller me pumptrack, tre stk 3’ar-bane og tribune. Planen er å ferdigstilla resten av anlegget hausten 2024. Får me det til, så er dette noko som vil skapa ein fantastisk treffstad for alle i bygda og kommunen! Suldal IL er godt på veg med å skaffa sine midlar, men er ikkje heilt i mål. Det har med anna vist seg at me må skifta ut dei 45 år gamle lysmastene. Dette er ei solid utgift.  Me treng derfor framleis støtte.

Nenad Ignjatic har hjulpe oss med å visualisera aktivitetane me ønskjer å samla rundt kunstgrasbanen gjennom nokre flotte teikningar. Dei ser du i videoen og under presentasjonen av prosjektet.

Detaljar om prosjektet kan de lesa dykk til i presentasjonen under.

Ønskjer du, di bedrift eller din organisasjon å bidra? Me blir svært glade for det! Ta kontakt med Jon Bråtveit: fotball@suldal-il.no

Uniqa har teikna opp skisser for deler av anlegget, sjå under:

Ein liten videosnutt på to minutt, teikningar av Nenead Ignjatic, satelittbilde frå Google Maps. Musikk: iMovies.

Her er presentasjonen av «Prosjekt Prestavikjo». Klikk på presentasjonen for å komma vidare. Presentasjonen inneheld gamle tal når det gjeld budsjettet.

Sjå teikningane til Nenad Ignjatic: