Ungdomsskulelaget vann Suldalscupen!

Sist laurdag arrangerte Jelsa IL Suldalscupen, og denne gong kunne me reisa frå grasbanen utan gjørme på draktene; veret var på fotballen si side!

Flott arrangement av Jelsa, kompakt både i tid og areal, og full kontroll frå sekretariatet. Suldal IL kan klappa seg på skuldra med å bidra til arrangementet med to av våre supre dommarar: Ella Tjøstheim og Lina Indrebø. Dei er fantastiske ambassadørar for klubben vår!

Gode ambassadørar er også alle spelarane, lagleiarane og foreldre/besteforeldre som troppar opp og støttar spelarar og lag. Det var god stemning, og mykje god prat mens ein såg på kampane.

Suldal IL stiller framleis sterkt på deltakarfronten. Det er me stolte av, men det kjem ikkje av seg sjølv. Me hadde med tre miniknottlag, fire knottalag, tre lilleputtlag og eitt ungdomsskulelag. I dei to yngste klassane tel ikkje resultata, berre speleglede. Der gjorde me det bra. I lilleputt nådde ikkje Suldal heilt opp, det var vel Haugil som vann denne klassen, men i ungdomsskulecupen drog Suldal i land førstepremien!

Takk for eit godt arrangement, Jelsa!