Dette blir eit referat frå dei tre siste kampane til Suldal. Det enda med to tap og ein seier. Det skal seias at ulike faktorer har ført til desse resultata, meir om det om du les vidare.

 

Brodd 2 borte

Dagen før kamp hadde me ti tilgjengelige spelerar til kamp. Heldigvis klarte Johannes å ordne det slik at han kunne vera med, Hallvard med vond rygg beit tennene saman og stilte og ein rusten, men alltid klar, Erik Vaage stilte på kort varsel.  Slik er det å ha lag på bygdå, me har ingen utømmelig base slik storklubben i Stavanger og me stille med det me har tilgjengelig. Brodd 2 som me har hatt et veldig godt tak på hadde tenkt å gjer sin eigen vri på dette oppgjeret. Plutselig skulle dei som ikkje starta for A-laget og dei som var suspendert eller småskada sist 3 divisjonskamp få seg kamptrening. Brodd 2 har hverken før eller etter denne kampen hatt kamptrening for sine 3 disvisjonsspelerar. Så for oss der fleire reiste frå familiar og småskader i Suldal vart dette som å møte veggen. Dette er så lite Fair Play frå Brodd at det er ei skam. Underteikna sendte e-post til deira leder som la seg langflat og unnskyldte seg. Den unnskyldninga er tynnere en når ein 3 åring unnskylde seg for å ha kasta sand på kompisen sin. Håpet nå er at Brann 2 topps sitt lag med tippeligaklare spelerar og snyt Brodd for opprykket. Guttane I gult og svart jobba sokkene av seg og begrensa tapet til 8-0. Godt jobba!

Dawud, Ingve, Rene, Tom, Arin, Daniel, Mohammed, Johannes, Håvard, Tore, Hallvard

Benytta reserve: Erik

SIF 2 heime

Til forskjell frå Brodd 2 er SIF 2 eit lag bestående av spelerar på nivå frå 5-7 divisjon. Altså ganske likt Suldal. Derfor er det kjekt å spele fotball og konkurrere på like vilkår  I det motsatte oppgjeret fekk me bank med sju mål i sekken. Me putta kun tre mål sjøl på den ein gong så ærverdige Siffen. Denne stadion har husa 1 duvisjonsspel for ganske få år siden. Nå er den til forfall og eit ganske sørgelig skue.

Til denne kampen hadde me igjen enkelte forfall, men Isak som har fått jobb med å ordne briller til dei som treng det kunne for ein gong skyld stille til kamp. Øystein stilte også på tross av nærstående fødsel i heimen. Svein Øystein fekk jobben om å passe på fødselstelefonen til Øystein. Med Hallvard på topp hadde me ei god sentrallinje komplettert med mange gode og lojale karer klare til kamp.

I garderoben snakka med om det samme som me gjer før kvar kamp. Opp med trøkk, betre kommunikasjon, bevegelse og konsentrasjon. Alle er enige om at dette må på plass for å vinne, men  det er ikkje alltid dette utføres i praksis under kamp. Me starta I vår etterkvart vande 3-5-2 formasjon med to spisser på topp som skulle presse i sone. Me skulle stå høgt og kompakt.

Suldal begynte kampen strålande og underteikna var rett stolt over at gutane endelig gjorde som me var enige om. Etter 16 minutt var Hallvard på ballen og sette ballen kontrollert I mål. Femten minutt skulle ikkje Øystein var verre då han lekkert auka leiinga med eit flott skot. 2-0 og planen vår fungerte til punkt og prikke. Me var så gode i denne perioden at få lag slår oss i denne divisjonen om me spelar slik.

I cirka 30 minutt var lagledere i Paradis og drømme om storseier, for etterkvart slutta me å spela gid fotball, me datt bakpå og laga rom for SIF 2. Dei takka og bukka med å både redusere og utligne før pause.

I pausen drog me fram dei positive delene av omgangen og at me måtte opp på det nivået for å vinne denne kampen. Gjengen var positiv til tross for kjipe baklengsmål.

Andre omgang starta ganske jevnt  og det var ein spennende stillingskrig. I det 65 minutt oppstod det kaos i SIF 2 feltet og Øystein stakk fram ei lang tå mot ballen. Kula trilla rolig og galant inn i nettet til 3-2 leiing. Øystein vise med dette at han kan putte både på heimebane og i Prestavikjo.  Dette skulle sette ein gnist i bortelaget som byrja å kjøre på. I det 78 minutt skulle dette gi uttelling for etter at dei vart snytt for straffe klarte de å spela vidare og etterkvart sette ballen i mål bak Dawud. 3-3. Etter dette var det gode sjansar begge veier, men det såg ut til at det skulle ende med poengdeling. Likevel skulle me få gullbilletten av dommaren på overtid. Hallvard fekk straffe som Jone ekspederte i mål. 4-3 og seier. Herlig!

Laget: Dawud, Tom, Ingve, Isak, Ørjan, Håvard, Rene, Øystein, Jone, Mohamed og Hallvard

Benytta reserve: Daniel

Fiskå borte

Denne gjengen frå Fiskå hadde me møtt i både treningskamp der det vart tap og i seriekamp der det enda 4-4. Fiskå er eit lag som er kjenne for Stoke-fotballen sin der lange baller og dødballer er ingrediensen. Linjene til Stoke vert og dregne når ein ser måten dei både ofrer seg og sine motspelerar for. Dommaren til kampen på Tau kjende igjen underteikna og hugsa med mareritt kampar mot Suldal der han tapte med sitt kjære Sviland. Han sa det nok på fleip, men han utførte det i praksis då han kunne berette at ville dømme mot Suldal denne kvelden, 16 september.

Som mot SIF 2 starta me majestetisk og spelte Fiskå av banen. Kombinasjonene fungerte og Tore Zidane Sørass briljerte som sentral midtbane. Det skulle ikkje ta lang tid før Tore skulle vise seg for alvor. Etter spelte 7 minutt banka Søraas til frå distanse og ballen fauk i nettet. Tolv minutt etter skulle Hallvard var på farten og auka enkelt til 2-0. Tikitaka fotball frå Suldal på forblåste Tau. Me var i dytten og ingen kunne spolere denne festen, trudde me. Den nevnte dommaren syntes nok det var dumt om Fiskå skulle lide samme skjebne som sitt elska Sviland og dømde straffe der han meinte Rene hadde aktiv arm inni feltet. Armen henger der og kan ikkje var i meir naturlig stilling. Likevel altså, straffe og gult kort til Rene. Straffen vart ekspedert i mål og dette var bare starten av ein kamp der dommer var spandabel i favør heimelaget. Suldal prøvde å spela og Fiskå prøvde på det dei mestre best, lange baller. Tidlegare er det nevnt at heimelaget satsa mykje på dødball. Dette veit tydeligvis dommaren som foræra Fiskå frispark i alle gode posisjoner han kunne finne. Ikkje ein 50-50 duell gjekk vår favør (kjenner at irritasjonen fortsatt sit i meg). Likevel gjekk me til pause med ledelse.

Dommar var eit tema i pausen for det er tungt å svelge slike ting. Likevel var det ein bra gjeng som hadde trua på godt resultat.

Andre omgang var om lag 5 minutt gammal då Torjus burde hatt frispark. Dommar dømte hjørnespark til Fiskå som etterkvart resulterte i mål. 2-2 og me var like langt. Omgangen vart prega av mange frispark til heimelaget og eit stadig frustrert bortelag som følte seg snytt. Når til og med Håvard viser tegn til misnøye er det verkeleg ille. Etterkvart skulle Fiskå få sin ledelse. Eit flott langskot frå hjelmelandsbuen Harald Andersen fant veien i nettmaskene bak ein god reservekeeper, Ingve. Kjedelig, men nå måtte me jobbe på. Suldal kom på fleire goe initiativ og både Tore (to gonger) og Håvard både kunne og burde putta mål på slutten. Likevel enda det med 3-2 seier til heimelaget og glade Fiskå-guttar kunne takke ein stolt dommar for kampen. For Suldal sin del kunne me bare lunte bort, takke for kampen og halde kjeft i frykt for represalier frå dagens kampleiar. Godt jobba Suldal for det er ikkje lett å spela kamp når både vinden og dommaren bles mot deg.

Ingve, Tom, Isak, Ørjan, Torjus, Håvard, Tore, Rene, Jone, Daniel, Hallvard

Benytta reserver: Mohammed, David og Marcus