Idag arrangerte Suldal og Hjelmeland IL sonesamling på Gullingen. Mellom 30 og 40 barn og ungdommar møtte opp. Første økt var barmark for alle. 1.-4.klasse hadde leikar og stafettar på parkeringsplassen ved Gullinghuset. God stemning og super innsats. 5.kl og eldre hadde ei god springe- og intervalløkt i lysløypa. Etter ein god lunsj var alle klar for ei rulleskiøkt. Dei miste hadde ulike leikar på parkeringsplassen. Dei eldste gjekk på rulleski i Breiastølsdalen, god fart og stemning. Flott dag på Gullingen i eit fantastisk haustver. Takk til alle som tok turen ☀️🍂