Miniknott Suldal IL 2022 og grasrottrenarane.

Tre måndagar i september har me fått besøk av G14-trenar og spelarutviklar Espen Elvemo frå FK Haugesund til å leia oss gjennom Grasrottrenarkurs del 1.

Grasrottrenarkursa er første steg på trenarutdanninga som kan leia til fullt utdanna trenar på UEFA-nivå. Grasrottrenar rettar seg mot klubbtrenarar på barne- og ungdomsnivå, og er bygd opp av fire kursrekker på tre økter.

Del 1, som me nå har gjennomført, har retta seg mot dei yngste barna, og då var det naturleg at me fekk prøvd oss i praksis på å rettleia og trena miniknottlaga til Suldal IL i desse øktene. Spelarane opplevde at det var nesten like mange trenarar som spelarar på desse øktene, og fekk tett oppfølging. Dei viste stor innsats og gode ferdigheiter. Eit av dei viktigaste prinsippa var aktivitetsprinsippet, at det skal vera minimalt med dødtid. Her var kvart sekund på trening dyrbart og skulle nyttast til aktivitet med ball! Tilløp til dødtid blei lagt godt merke til av kursleiar, og gav alle noko å tenkja på i sin trenarkvardag.

Praksisøkta var ramma inn av ei teoriøkt i forkant og ei evalueringsøkt i ettekant. I tillegg måtte me gjennom tre e-læringsmodular i forkant av kva samling som grunnlag for teoriøktene.

Instruktør Espen Elvemo frå FK Haugesund får jubvileumsboka «Suldal IL 75 år» som takk for støtid rettleiing.

FK Haugesund tilbyr samarbeidsklubbane i nedslagsfeltet deira dette kurset gratis, og då kan me ikkje anna enn å tromma saman så mange trenarkandidatar som mogleg for å nytta oss av tilbodet. På denne samlinga var me 12 trenarar frå Suldal IL med både lang og nesten ingen erfaring, samt ein frå Suldalsgutane G14/Erfjord og ein frå Sand. Det var eit deltakartak på 16 stk, så det hadde vore plass til eit par til.

Me satsar på å følgja Grasrottrenarkurset vidare, og siktar oss inn på del 2 til våren eller neste haust. Ein MÅ ikkje ha tatt del 1 før del 2, så toget har ikkje gått for dei som ikkje fekk med seg denne runden. Me kjem tilbake til neste runde når det nærmar seg.

Her kan ein lesa meir om GrasrottrenarkursetGrasrottrenarkurset og NFF si trenarutdanningtrenarutdanning.