Aldri har det vore så godt med revansje som i dag!
Det var to ting som gjorde lokalderbyet spesielt interessant i dag: Me hadde behov for revansje etter den grusomme 2. omgangen me hadde i bortekampen mot Hjelemeland, og Hjelmeland måtte ha poeng for å unngå sisteplassen og nedrykk. Me vil jo helst ha Hjelmeland i same divisjon som oss, men etter den audmjukinga me opplevde i år, var det ingen nåde. Så pleier det jo ofte bli slik at ein får behalda plassen i divisjonen sjølv om ein rykkar ned. Så forhåpentlegvis møtest me igjen neste år.
Hjelmeland var klar for å kjempa for plassen sin. Det gjekk vel om lag 18 sekund før dei slo ein lang ball i vårt bakrom. Spissen gjorde ingen feil, og 0-1 var eit faktum. Rett etter var dei gjennom nok ein gong, men då fekk me avverga. Så kom me meir med og fekk spelt ballen slik me ønskjer. Spesielt farleg vart Sander Deilkås, tilbake i Suldalsdrakt etter mange år vekke. Ved fleire høve fekk han gjennomspel og kom seg inn i boksen. Ein gong var ein god hjelmelandskeeper raskt nede og avverga, neste gong blei han takla og dommaren bles straffe. Straffen sette kaptein Jone Utbjoa trygt i mål, og me var tilbake til start.
Like etter fekk me frispark ute ved høgre sidelinje. Sander slo frisparket som svinga inn mot bakre stolpe. Der stod Tore Bendiksen Søraas klar og stanga ballen inn i mål til leiing. Det var godt etter den dårlege starten. Dessverre måtte Hallvard Erfjord hinka seg ut av banen på dette tidspunktet. Alle trudde det var ein ny strekk, men denne gong var det noko uforklareleg som skjedde med hælen som sette spissen vår ut av spel.
Det blei ein del tette duellar slik det skal vera i eit lokalderby der begge lag har noko ekstra å kjempa for. Begge lags kapteinar kjempa litt om å ta over jobben til dommaren, og litt meldingar blei slengt frå sidelinja også. Dommaren tok tak, og det blei meir fokus på fotballspel igjen. Likevel var det ingen som fekk mål før pausen.
Pausepraten gjekk på at dette måtte me greia og dra i land. Etter dei første minutta så hadde me fått kampen inn i vårt spor. Me blei einige om at ballen måtte trilla raskare slik at me fekk Hjelmeland i ubalanse, og så måtte me passa på spelaren Hjelmeland skulle setta innpå, han som går under namnet «6. divisjon sin Pirlo»: Matius Loktu. Han har ein frykta skot- og pasningsfot og gjorde 2. omgang i bortekampen svært lite triveleg for vår del. Han måtte ikkje få rom og plass. Dessverre var det det han fekk like etter pause. Eit dårleg utspark frå Suldal gav han nettopp rom og plass, og han sendte i veg ei kule opp i krysset til utlikning 2-2.
Så fulgte ein periode som var elendig frå begge lag. Det verka som at det ikkje var sprut og vilje igjen i nokon av laga. Det var rett og slett utruleg daft. Hjelmeland fekk ein spelar utvist etter to gule kort, og det var kanskje vitamininnsprøytinga me trong, for så løsna det. Suldal fekk ballen til å trilla raskare, me tok vare på overgangane, og me traff kvarandre mykje betre. Dette resulterte i at me fekk kontroll over kampen, fekk ballen i mål og Hjelmeland såg ut til å innsjå at håpet var ute.
Jone sklei inn 3-2 på bakre stolpe etter strålande kombinasjonsspel mellom fleire spelarar på motsatt side. Dessverre mista Jone hat-tricket sitt då han etter dommaren si meining stod i offside på heil-volleyen han dundra i kryss etter ein flott krosspasning.
Den som derimot skulle få både hat-trick og fire mål var han som også i år blei toppskårar for oss. Tore veit godt kor mål står, og han krangla inn 4-2, fekk 5-2 og avgjorde elegeant til 6-2 då han var åleine med keeper.
Det vart heldigvis ei god avslutning for Suldal etter tre tap på slutten av sesongen. Ei kjapp oppsummering viser at me har spelt jamnt i to kampar (uavgjort og eitt-målstap) mot Fiskå som hadde like mange poeng som laget som rykkar opp: Hinna 2. Storhaug er det andre 1’ar-laget me har føre oss, dei slo oss med eitt poeng. Pol og Hjelmeland kom me eit stykke før på tabellen. Vaulen 2 som blei det suverent beste laget, hadde me på heimebane taket på fram til siste minutta dert dei til slutt slo oss med eitt mål (skal vel seiast dei stilte noko redusert i Prestavikjo), men tapte grundig borte. Hinna 2 hadde me ingenting å stilla opp mot, dei hadde nokre sterke a-lagsspelarar med seg for å sikra opprykket. Bortekampen mot Brodd 2 er eit kapittel for seg sjølv og noko av det meir usportslege me har vore borti, der a-laget som kjempar om opprykk til 2. divisjon fann ut dei ville ha ei treningsøkt mot oss… SIF 2 slo oss også med eitt poeng. Det blei 6. plass, kunne fort blitt 4. plass. I ei pulje utan 2’ar-lag så ville me ha vore heilt i toppen, og det får vera målet. 2’ar-laga er det lite å gjera med på banen, den kampen må ein ta utanfor banen, og det har vist seg å vera ein kamp mot overmakt….
Sesongen er slutt. Me håpar me får til ei trening i veka framover, på måndagane, for å halda oss i gong fram mot ny oppkøyring i januar.
Takk til publikum som kjem og ser på kampane, det er veldig kjekt! I år kolliderte to av heimekampane med andre store arrangement, Suldalscup og Møgedalsmarknad. Likevel kjem det bra med folk. Takk også til økonomigruppa som stiller med kiosk. Det er eit viktig suplement!
Fakta:
Lag: Dawud Ibrahim Dawud – Tom van Ruiven, Ingve Berge, Håvard Fatnes – Jone Utbjoa, Sander Abrahamsen Deilkås, Ørjan Underbakke, Øystein Nærheim, Mohammed Ibrahim Dawud – Hallvard Erfjord, Tore Bendiksen Søraas.
Innbyttarar: Daniel Berge Espe, Isak Berge Espe, Arin Eirikssønn
Gule Kort: Sander A. Deikås, to til Hjelmeland
Raudt kort: Hjelmeland (to gule)
Mål:
1 min: 0-1: Erik Young, Hjelmeland
9 min: 1-1: Jone Utbjoa, straffe
12 min: 2-1: Tore Bendiksen Søraas
49 min: 2-2: Marius Loktu, Hjelmeland
64 min: 3-2: Jone Utbjoa
66 min: 4-2: Tore Bendiksen Søraas
73 min: 5-2: Tore Bendiksen Søraas
88 min: 6-2: Tore Bendiksen Søraas