Tore blei årets spelar for tredje gong. Her bilde frå sist gong i 2009-2010!

Sesongen 2022 er over for a-laget i 6. divisjon. 

Det enda med 6. plass, eitt poeng bak laga på 4. og 5. plass. Ei lita oppsummering av sesongen finn ein på slutten av kampreferatet frå siste kamp: Suldal – Hjelmeland.Suldal – Hjelmeland.

Etter kampen var det samling på Båthuset på Sand med fotball på TV, pizza, quiz og utdeling, før Sjøhuset stod for tur for mange. Soleklar quizvinnar blei Ørjan Underbakke, han var best både i 6. divisjonsquiz og Premier League. Ein pose med bamsemums blei premien.

Åtte personar fekk heider og ære. Desse var:

Årets spelar (og toppskårar): Tore Bendiksen Søraas

5. beste spelar i 6. divisjon 2021: Tore Bendiksen Søraas. Beste spelar i Suldal 2022.

Tore har i år etter år vist veg for resten av laget når det gjeld kamp- og vinnarvilje, og kva som krevst av innsats og ferdigheiter for å få ut potensialet. Han evnar å seia klart i frå når han veit at spelarar har meir og gå på, men er også flink til å seia i frå når det går godt. Me veit veldig godt kva me får når me har Tore med oss: Ein som aldri gir opp, og som alltid presterer. Super til å halda på ballen til resten er i posisjon, og ikkje minst den mest målfarlege spelaren me har hatt dei siste 13 åra. Med dei 13 måla han skåra i år, blei han toppskårar for tredje år på rad, og gjekk forbi Jone Utbjoa på toppskårarlista. På 86 kampar har han skåra 76 mål. Det er ikkje berre me som legg merke til kor viktig han er for laget, Tore blei i fjor kåra til ein av dei beste spelarane i 6. divisjon av Stavanger Aftenblad. Det er på tida at han blir årets spelar igjen, etter dei to forrige gongene i 2009 og 2010.

Tusen takk for innsatsen, spelet og måla, Tore. Håpar me har det med lenge end¨å!

Årets unge spelar: Daniel Berge Espe

Daniel er årets unge spelar 2022.

I 2016-17 kom Daniel inn på a-laget og gjorde ein god figur, så forsvann han frå fotballen nokre år. Så dukka han opp igjen i 2021, noko mindre trent enn han var då han forlot oss i 2017, det må det vera lov til å seia. Hausten i fjor og vinteren brukte han godt, kom i god form og viste fram god teknikk og ei kanon av ein skotfot. Dessverre fekk han utover sesongen diverse plager som har sett han ein del tilbake, spesielt med tanke på kapasitet. Dermed har me berre glimtvis sett han frå si beste side. Sannsynlegvis har han også berre til tider fått spelt på sin beste posisjon, men heile 14 kampar har han likevel fått med seg, og tre mål. Potensialet er det ikkje tvil om, får Daniel ein heil sesong der han får vist seg frå sitt beste, så trur me det kan bli gode greier! Satsar på at det blir mange år i den gule trøya, du har ei arv å ta opp!

150 kampar: Jone Utbjoa og Ingve Berge

Jone mista tittelen som mestskårande etter 2009, men overtok toppen på adelskalenderen.

Ingve då han runda 100 kampar. Nå 150!

Både Jone og Ingve runda 150 seriekampar totatl for Suldal IL sitt a-lag frå og med 2009 denne sesongen. Begge starta sesongen med 139 kampar, nå har Jone 152 og Ingve runda 150 i siste kamp. Har spelt kampar kvar sesong frå 2009-2022, mens Jone kom med i 2010 og har vore med heilt til nå. Ingve har heile tida vore eit hestehovud før Jone i denne statistikken, men i år gjekk altså Jone forbi, sidan Jone spelte 13 kampar og Ingve 11 denne sesongen. Begge er kjente for at det skal svært mykje til for å stå over ein kamp. Ingve sitt skiftarbeid har nok komme i vegen for nokre kampar, men jammen er det mange kampar han får med seg likevel ved hjelp av ein fleksibel arbeidsgivar og god, gammaldags organisering. Jone greier også utruleg nok å få rom til kamp fredag og laurdag, også når barn nummer fem er like om hjørnet. Slike spelarar som Ingve og Jone er me heilt avhengige av for at me skal ha eit a-lag i Suldal. Dette er spelarar ein kan stola på, og som gir alt for laget. Det er ingen grunn til å gi seg endå!

50 kampar:

Rene Adjemi – 62 kampar

Rene har langt meir enn 62 kampar, men det er nå det han er registret med.

Rene var den einaste splelaren i årets tropp som greidde å få med seg alle 16 kampane i år, trudde me. Dessverre sette gult kort nummer 4 for sesongen i nestsiste kamp ein stoppar for den siste kampen.

Rene spelte mest for Suldal for 15-20 år sidan, også før me tok til å telja kampar i 2009. Han har derfor vesentleg fleire kampar for Suldal enn desse 62 kampane, men dessverre har me ikkje statistikk i åra før 2009. I følge statistikken på fotball.no, spelte han første sesong i gult i 2004. Før det spelte han som mange andre suldølar i Vaulen, og underteikna hugsar godt å ha spelt forsvar mot Rene i Vaulen-trøye. I sesongane 2004-2010 var Rene stort sett fast inventar på laget, og då kan ein tenkja seg at antal kampar totalt må vera høgt. I åra 2011-2019 har det berre vore sporadiske kampar, men når me har mangla folk så har me alltid visst at Rene er til å stola på. I 2020 fann Rene ut at nå var tida inne til å få nokre skikkelege sesongar igjen, og han var svært motivert til å ta fatt på sesongen. Som me alle veit, sette corona stoppar for det. I 2021 var han igjen klar, spelte alle kampane, og gjorde altså det i 2022 også, heilt til karantene for gule kort sette stoppar for sesong nummer to med full pott.

Alder er ingen hindring, det er Rene eit strålande bevis på. Om få dagar blir Rene 42 år. Dei som kan legga saman to og to ser at han har halde på ei stund, men eg tippar han held på ei stund til! Som dei andre ringrevane som er nemnd lenger oppe i teksten, så er Rene eit strålande eksempel til etterfølging for den yngre garde: Gi alt på trening og i kamp, merk av i kalender når det er trening og kamp, og når ein seier ein er med, så er ein med!

Tusen takk for mange, kjekke år, Rene!

Torjus Steine – 56 kampar

Torjus har runda 50 kampar trass sin unge alder. Måtte det bli mange fleire!

Torjus tenkjer me på som ein rutinert spelar, men han er ikkje meir enn 23 år. Han debuterte i 2014 som 15-åring, spelte to sesongar før han flytta til Haugesund og spelte to og ein halv sesong for Vard Haugesund sitt 2’ar-lag og ungdomslag. Då lærlingkontrakt i KV-Bygg vart sikra, var me svært glade for å få Torjus tilbake i 2018. Etter det har han spelt mykje, spesielt i 2018 og 2019. Han er ein travel kar, i år har landbruksskulen og sau lagt beslag på nokre kamphelger, men 11 kampar blei det i år også. Torjus er også ein som nektar å tapa, og gir alt i kampen for poeng, både på trening og kamp. Best er han når han får peisa på oppover langs sidelinja som back, men han har måtta ta fleire vakter i midtforsvaret i år. Han er også ein som kan ta leiinga, visa og foklara på trening og som ikkje er redd for å seia i frå når det er noko som kunne vore betre. Som trenar har han mykje å bidra med, det viser han med ungdomslaget vårt, og på a-lagstreningar. Alt ligg til rette for hundrevis av kampar for Suldal i åra framover!

Øystein Nærheim – 52 kampar

Sjølv etter ni sesongar i Djerv 1919, har Øystein nå runda 50 kampar i den rette gulfargen.

Første sesong Øystein står registrert med kampar er i 2009. Då var han 16 år, og spelte 11 kampar. Året etter plukka han med seg 16 kampar, før han sette kursen mot Haugesund og Djerv 1919. Hos «djervane» blei han i ni sesongar, og har tonnevis med erfaring frå 4. divisjonsfotball. Me masa nokre sesongar på å få han heim, og til slutt så kom han tilbake i 2019. I fjor spelte han alle kampar, mens det i år blei ni kampar. Husbygging, mykje jobbreise og ikkje minst familieauge gjer at det ikkje alltid er fotball som står øvst på lista, sjølv om det lyser av han at han helst skulle hatt tid til dette også. Ein framifrå fotballspelar som har evne til å plukka fram det umoglege når det verkeleg trengst! Det er ein fryd å sjå Øystein på midtbanen. Det hadde vore svært kjekt om du fekk tid til fotball i åra framover også.

Johannes Wigestrand – 52 kampar

Johannes «er jo ikkje med», så han har me ikkje så nytt bilde av. Her frå då han spelte i Suldalsgutane.

«Ja, altså, eg e jo egentlig ikkje me, men viss dåkken mangle folk så får eg de sikkert te.» Fem gonger i år har me mangla folk der det har passa. Strengt tatt hadde me nok hatt behov nesten kvar kamp… Johannes er svært mykje med til ikkje å vera med. Det er ikkje så mange som har fleire treningar enn han i år, førstemann og mest effektiv i maledugnad, og til god hjelp når me har behov for ein forsvarsmann til kamp. Alltid positiv til å trø til, ein kranglefant og har alltid rett på trening, men bidreg med det til engasjement og vinnarvilje på øktene, noko me aldri kan få nok av! Johanne spelte dei fleste av kampane sine i 2012-2014. Etter det har det vore nokre kampar her og der, berre 2016- og 2019-sesongen står han utan kampar. Johannes står for kompromisslaus og effektiv fotball i forsvar, men viser på trening og i gubbakamp at han også kan vera målfarleg. Kanskje får han ekte nettkjenning i a-lagskamp også neste år, og ikkje berre stela andre sine mål fordi han spelar med feil draktnummer? 😂.