Statistikken for a-laget er oppdatert etter 2022-sesongen.

Det er litt kjekt og sjå gjennom listene og finna namn listene ein gjerne hadde gløymt ut har spelt fotball for Suldal IL sitt a-lag. Frå 2009 har me også ganske god kontroll på antal kampar og mål. Det er nokre år sidan listene blei oppdatert på heimesida, men dei blei oppdatert til Jubileumsboka til Suldal IL i 2021.

Klikk på dei blå lenkjene for å komma til listene:

  • Spelarar og trenarar frå 1977 til i dag.
    • 23 forskjelege trenarar er lista opp, nokre har tatt fleire rundar.
    • 249 spelarar har aksla suldalstrøya, den første som debuterer neste sesong blir nr 250!
  • Adelskalender for Suldal 1 og Suldal 2 frå 2009-2022
    • Jone Utbjoa har flest kampar for Suldal 1, med 152 stk.
    • Ørjan Underbakke har flest kampar for Suldal 2, og flest seniorkampar totalt i åra 2009-2022.
    • 117 spelarar har spelt for Suldal 1 desse åra.
    • 80 spelarar har spelt for Suldal 2 i same periode.
    • Det er nokre år sidan me hadde 2’ar-lag nå.
  • Toppskårarlista 2009-2022
    • Tore Bendiksen Søraas toppar lista med 74 mål.
    • Suldal 1 har skåra 465 mål i perioden.
    • 54 spelarar har skåra mål.
    • Me har fått 11 sjølvmål i vår favør.
    • Sigurd Slåtto er toppskårar for Suldal 2 med 34 mål.