I vår søkte Suldal IL om støtte til eit «førprosjekt» til det store nærmiljøanlegget me ønskjer å få til i Prestavikjo. Då fekk me kr 100.000,- kvar, totalt kr 300.000,-, av dei tre sparebankstiftingane Sparebanen Vest, SR-Bank og Sauda Sparebank.
Å bygga tribune er ikkje eit spelemiddelprosjekt, så den kostnaden må idrettslaget stå for sjølv. Me tenkjer også at ein tribune i skråninga mot samfunnshuset er ein viktig del i arbeidet med å «snu» bruken av stadion. Me ønskjer å få publikum nærare toalett, garderobe og foajé, og me ønskjer å flytta kiosken til plassen utanfor foajéen.
Publikum vil også komma nærare spelarane når dei går opp og ned mellom stadion og garderobe. For ikkje å snakka om å kunna sitta godt på solsida av stadion. Det er nokre utfordringar me må tenkja nøye gjennom før me tek til med arbeidet. Det går på å gjera tribunen tilgjengeleg for alle, og kor den skal plasserast slik at den kjem i rett avstand til det som skjer på banen og kiosk/toalett på toppen. Derfor ventar me med å setta i gong til våren, når me også har betre oversikt over resten av «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!»
Tusen takk for støtta til tribune til alle tre bidragsytarane!