Det kom ei gledeleg melding frå Ryfylkefondet denne veka om at dei støttar «Prosjekt Prestavikjo» med kr 400.000,-!

Med det viser dei verkeleg at dei står inne for visjonen om å vera ein kraftbank som sikrar og aukar busetjing og trivsel i Ryfylke. Styret i Ryfylkefondet er sett saman av fylkesordføraren og ordførarane i kommunane i Ryfylke. Vår eigen ordførar Gerd Helen Bø er styreleiar, og den kjekke meldinga vart overlevert av dagleg leiar Geir Ims.

Ryfylkefondet er ein del av Ryfylkealliansen, og det er også Ryfylkepuls som kjem Suldalsosen førstkommande tysdag for å laga repostasje med anna om Suldal IL og aktiviteten vår. Me må derfor nytta høvet til å stilla opp så mange som mogleg av elevane på Vinjar skule tysdag 8. sept kl 14.00. HUGS SULDAL IL-KLEDE om de har, slik at me viser igjen. Og sjølvsagt visa at støtta me har fått kjem godt med hos oss!

Andre som ikkje er på arbeid er også velkomne!