
Finalistar:
Frå venstre:
2. plass: Sindre, Mulue, Teame
1. plass: Ørjan, Bjørn, Vidar.
3. plass: Øyvind, Øystein, (Ronny gått).
4. Plass: Tobias, Hallvard, (Jørgen gått).
Omsider var det tid for ein ny Nyttårscup etter to år med coronapause.
Sist cup var i 2019, då var det med sju herrelag og fire damelag. I år blei det svært god oppslutnad blandt herrene, spesielt frå dei yngre rekker. Det er svært kjekt! Litt synd det var få damer som meldte seg. Tre påmeldte blei for lite til å laga cup. Håpar me greier å finna ein form som gjer at fleire melder seg neste år!
Som alltid er det indivuduell påmelding og trekking av lag. Her var aldersbestemte spelarar i 10. klasse, a-lagsspelarar, gubbaspelarar og noko midt mellom. Aldersspennet var vel på over 40 år, men kven som var yngst og eldst viser ikkje nødvendigvis på banen.
- Lag 1: Johnny Hetland, Olav Bakka Berge, Elias Gundersen.
- Lag 2: Espen Vold, Jonas Svennes Fatnes, Torjus Steine.
- Lag 3: Nils Arne Moe, Håvard Fatnes og Neri Fisketjøn.
- Lag 4: Øyvind Gjuvsland, Øystein Tveit, Ronny Mehus Rugland.
- Lag 5: Vidar Jørgensen Nerheim, Ørjan Underbakke, Bjørn Madland Steine.
- Lag 6: Bjørnar Indrebø, Ådne Jordebrekk Fermann, Mohammed Ibrahim Dawud.
- Lag 7: Neri Fisketjøn (flytta til lag 3), Tom Gardsteig, Tom van Ruiven, Dawud Ibrahim Dawus. Thomas Bakka kom også inn på dette laget.
- Lag 8: Ingve Berge, Sidre Vik, Teame Abrha Yemane, Mulue.
- Lag 9: Raymond Krogh, Mathias Vold, Pelle Tijhuis.
- Lag 10: Tobias Lunde, Jørgen Lund, Hallvard Bakka.
To puljer med fem lag i kvar spelte først seriespel. I pulje A var det nok tettast kamp om dei to første plassene som gav semifinale. Lag 3, 4 og 5 haldt oppe spenninga, der det til slutt var lag 4 og 5 som enda på 8 poeng, mens lag 3 fekk 7 poeng. Målforskjell gjorde at lag 5 gjekk av med puljesigeren og fekk «lettast» motstandar i semifinalen.
I pulje B utmerka lag 8 seg frå start og gjekk gjennom puljespelet med fire strake sigrar og 12 poeng. Lag 10 slo følge til semifinalen med 9 poeng, og lag 6 tok tredjeplassen med 6 poeng. Ingen uavgjorte kampar i denne pulja, og altså ikkje like stor spenning i toppen.
I semifinalane viste det seg at det var to lag som utmerka seg og ville mest til finalen. Det blei store sifre, der lag 5 og lag 8 viste seg å halda turneringskondisen abolutt best. Dermed gjorde lag 4 og lag 10 opp om bronsen, og her var lag 4 best.
Finalen skulle visa seg å bli ein jamn og tett kamp, to lag som begge ville vinna. Lag 5 med Sindre Vik, Teame Abrha Yemane, Mulue og Ingve Berge gjekk opp i leiinga og såg ut til å mest lyst på siger med ungdomleg pågangsmot (veteranen på dette laget, Ingve måtte gå før finalen). Lag 8 med Ørjan Underbakke, Bjørn Madland Steine og Vidar Jørgensen Nerheim viste meir rutine, lot seg ikkje stressa, og fekk utlikna i god tid før full tid med ein fin lobb. Dermed blei det sudden death – første mål vinn. Då står plutseleg meir på spel, og litt temperatur blei det i nokre duellar, slik det skal vera i ein finale. Det bleir rutine som slo pågangsmot, dessverre var det vel eit sjølvmål som avgjorde.
God innsats av alle, kjekt med mange spelarar i ulik alder og bakgrunn, slik skal det vera. Og tribunen var tjåkfull heile dagen, men det skal ikkje så mykje til på denne arenaen når det er 32 spelarar til stades….