Suldølen beit godt i frå seg på Voss i helga, 14. og 15. januar.

Brødrene Bakka med flott innsats på stafetten

På laurdag gjekk Viljarrennet av stabelen, dette var eit klassisk renn i flotte omgjevnadar.
Marte J15 gjekk 5km i eit forrykande tempo, og kom inn på ein flott 2. plass. Mathea gjekk også eit svært godt skirenn og kom inn på ein sterk 3.plass i ein klasse med heile 12 startande.
Søndagen blei Ørnarstafetten arrangert. Her stilte Simon, Daniel og Thomas med lag i G13-G16 pulja, 3km x 3. Første etappe klassisk, dei to siste skøyting. Her sikra brødrene seg ein bronseplass i konkurranse med 9 andre lag.
Artig når Suldal IL viser så godt att også andre stader.
Magnus Lunde Bakka

Marte Krogh og Mathea Vik

Sterk innsats frå Ryfylke på stafetten, Sauda IL på første og Suldal på tredje