Rett over nyttår fekk me svar på søknad til Suldal bygdekvinnelag om at dei ønskjer å støtta «Prosjekt Prestavikjo – eit nærmiljøanlegg for alle!» med ein kontantsum på 5000 kroner. Det set me stor pris på!

Det er både viktig og kjekt at prosjektet har støtte frå lokale lag og foreiningar, for me håpar at også kvinner i alle aldrar i bygda vil finna ein aktivitet dei likar i Prestavikjo. At folk i bygda har tru på prosjektet og ønskjer det velkommen er ei vitamininnsprøyting.

I tillegg til kronebeløpet, går også bygdekvinnene i bresjen og vil stilla med dugnadsinnsats når den tid kjem. Dette er eit supert signal, og til inspirasjon for andre!

Tusen takk for støtta!