Måndag hadde ressursgruppa for prosjektet møte i foajèen på Samfunnshuset, og trur de jammen ikkje at Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank stakk innom!?

Odd Magne Hetlelid frå Hjelmeland Sparebank med gåva til Prosjekt Prestavikjo.

Med seg hadde han ein gåvesjekk på kr 100.000,- til nærmiljøanlegget i Prestavikjo, noko som sjølvsagt løfta ei elles god steming ytterlegare denne januarkvelden. Hjelmeland Sparebank er etter måten ein liten bank, men har dei siste åra støtta Suldal IL med atskillige hundretusenlappar, då spesielt til snøproduksjon. Hjelmeland IL er jo ein stor brukar av skianlegget vårt. Fotballen vår har dei også støtta, både kunstgraset og Suldalsgutane- og jentene. At dei i tillegg ønskjer å vera med på prosjektet på Suldalsosen vitnar om godt naboskap, og hjelmelandsbuen er sjølvsagt velkomne til å bruka anlegget når det står klart.

Kjekt at Odd Magne tok turen personleg, der han også fekk ein kort innføring i korleis me ønskjer å bruka pengane han kom med.

Tusen takk!