For at Prosjekt Prestavikjo skal sjå dagens lys og bli eit nærmiljøanlegg for alle, er me fullstendig avhengige av å ha Suldal kommune med på laget. Det har me hatt til gangs!
Eit anlegg som dette må bli godkjent av kommunen for at ein skal få sentrale spelemidlar, tidlegare kalla tippemidlar. Dette er midlar som kjem frå Norsk Tipping, og ligg på om lag 1/3 av kostnadane. Kommunen må også vera viljug til å gå inn med om lag 1/3 av kostnadane for at spelemidlane skal bli utløyst. I eit prosjekt til nærare 11 million kroner utgjer kommunen sin del atskillige millionar. Me veit også at det kan ta fleire år før spelemidlar blir utbetalt. Om ein då ikkje har ein vilje i kommunen til å forskotera desse spelemidlane, så kjem ein ikkje i gong med bygginga. Heldigvis har Suldal kommune denne viljen!
Suldal IL var også tydelege på at det nok ikkje var realistisk for oss å skaffa dei i overkant av 4 millionane som blir idrettslaget sin del av anlegget, og at me trong hjelp av kommunen til deler av dette beløpet om me skulle gå i gong. Også det fann dei ei løysing på og forskoterte det me ba om frå momskompensasjonen som idrettslaget vil få når anlegget er ferdig.
Kanskje var det perfekt timeing å søkja om midlar til Prestavikjo nå når kommunen har fått gode inntekter, men uansett har politikarar, administrasjon og andre ansatte i Suldal kommune verkeleg bidratt med store summar i kroner, rask service og mange gode ord og tips på vegen. Dette gjer at prosjektet vil bli sett i gong, og at det kan skje raskare enn om kommunen berre hadde gjort det dei «måtte» gjera.
Tusen takk!