Warning: Trying to access array offset on value of type bool in /home/2/s/suldal-il/www/wp-content/themes/Divi/includes/builder/functions.php on line 2427
Bli med på karusellen! | Suldal idrettslag

I 40 år har det blitt arrangert skikarusell i Suldal, og mange barn og unge har hatt sitt møte med organisert skisport gjennom dette arrangementet. Sjølvsagt blir det skikarusell i år også, og me i skigruppene i Suldal IL og Hjelmeland IL håpar at mange har lyst til å bli med. Her er litt informasjon om skikarusellen (også kalla Telenor Karusellen mange stader i landet):

I flotte, nypreparerte skispor i lysløypa ved Mosvatnet, kan ein fire ettermiddagar/kveldar i vinter vera med på skirenn. Skikarusellen har ei open og inkluderande form, og det sosiale er vel så viktig som det sportslege. Det betyr at her er alle velkomne til å vera med! Dette er skirennet for deg som har lyst på ein flott skitur i ditt eige tempo, leika på ski, eller deg som har lyst til å ha nummer på brystet og gå så fort som du berre orkar. Arrangementet har hovudfokus på barn, men det er også lagt til rette for at ungdom og vaksne kan delta.

Du melder deg på på førehand, og så må du delta på 3 av 4 renn i vinter for å få premie. Premieutdelinga er på det fjerde skirennet. Suldal IL tar imot påmelding og premieutdeling, og er arrangør av første og fjerde skirenn. Hjelmeland IL arrangerer andre og tredje.

Etter runden på ski, kan du varma deg inne på Gullinghuset. Her er det også høve til kjøpa pølser, lappar, smoothie og anna i kiosken.

Me håpar at mange har lyst til å bli med i år også – frå alle grender i Suldal, Hjelmeland og elles i Ryfylke! Det er så kjekt når det vrimlar av små og store i lysløypa til felles skiglede.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål.

  1. karusell måndag 6. februar – klassisk
  2. karusell tysdag 21. februar – fristil
  3. karusell onsdag 8. mars – klassisk
  4. karusell torsdag 23. mars – fristil

Dei under skulealder er aspirantar og frå 1. klasse kan ein velje om ein vil gå på tid eller om ein vil gå trimklasse utan tidtaking. For dei som går på tid er det ikkje rangering for dei under 5. klasse. Premie på siste rennet om ein har delteke på tre løp eller meir. Start frå kl. 17.00 for aspirantar og trim. Start kl. 18.00 for klassar med tidtaking. Viktig å møte opp i god tid på første karusellen.

Online påmelding innan 4. februarwww.eqtiming.no kor du søker opp «Telenorkarusellen Gullingen 2023». Startkontigent kr. 250,- (gjeld for alle 4 renna) betalast  ved påmelding. Har du spørsmål kring påmeldinga kontakt oss på ski@suldal-il.no eller tlf. 95944128. Oppdatert info vil du finne på www.suldal-il.no

Hjelmeland IL og Suldal IL