I helga vart det arrangert Trollrennet og KM på Høgås skianlegg i Evje, arrangert av Otra IL. Litt over tretti små og store frå Suldal tok turen over fjellet. Suldal IL innlosjerte seg på Evjetun Leirstad med ei hytte til kvar familie, der me disponerte fellesareal med felles måltid og aktivitetar. 

Det var sonerenn for løperar frå 8 år og opptil 12 år, og KM for 13 år og eldre. Laurdag var det klassisk renn i strålande sol. Allereie laurdag markerte Suldal seg strekt på resultatlistene, og med mange gode plasseringar. Vegard Moe Handeland og Olav Marcussen Moe starta fyrst i klassen G8. Harald Litlehamar Kjetilstad gjekk i klassen G9, Amalie Lunde i J10, der alle desse leverte bra. Svein Aksel Tjøstheim gjekk inn til ein flott 2.plass, Tarjei Moe Handeland inn til 3.plass og Åbjørn Marcussen Moe tok 4.plass i G11. I klassen J12 leverte Hanna Lunde Hoftun godt, og stod øvst på pallen både laurdag og søndag. Serina Litehamar Kjetilstad i same klasse fekk ein flott 3.plass i klassisk rennet. Aksel Sukka Mehus gjekk inn til ein flott 4.plass. Agathe Lunde gjekk i klassen J13, fyrste året ho går krinsrenn. Ho leverte bra i ein klasse med 10 startande. Simon Bakka vart krinsmeister i G13, ikkje nok med at han klarte det laurdag, men han gjekk også raskt på sprinten søndag og vart dobbel krinsmeister. Det er strekt levert. Daniel Bakka og Magnus Lunde Hoftun gjekk i G14 klassen, der begge leverte bra og gjekk inn til flotte plasseringar. I klassen J14 gjekk Vilde Tjøstheim og Ingrid Sukka Mehus. Vilde gjekk inn til ein flott 2.plass, og Ingrid fekk 5.plass. Også i desse klassane byrjar det å bli hard konkurranse. Mathea Vik gjekk to sterke løp både laurdag og søndag i ein hard konkurranse. Ho gjekk inn til 2.plass både i klassisk og på sprinten. Lars Lunde var einaste senior frå Suldal som stod på startstreken i Evje, og gjorde ein heiderleg innsats. Same løperane stilte til start søndag i mindre bra ver, overskya, sterk vind og dråpar i lufta. Det hindra derimot ikkje prestasjonane til barn og unge frå Suldal. Fyrst gjekk alle prolog, og for utøverane opp til 12 år gjekk alle direkte til finalen. Frå 13 år og oppover gjekk alle prolog, og vidare i semifinalar i ulike heat. Dei to beste frå kvart heat gjekk til finale. Her var det høg fart og tempo. Frå Suldal var det Simon og Mathea som tok seg til finalen, med 1.plass til Simon og 2.plass til Mathea. 

Til helga reiser ein gjeng gutar og jenter 13/14 år med støtteapparat til Olso og Ungdommensholmenkollrenn. Lukka til! https://ski.otrail.no/blog/post/207059/resultater-trollrennet-lordag-28.-jan?ispage=true. https://ski.otrail.no/blog/post/207087/km-sprint-fristil-hogas-skianlegg.?ispage=true