Det vart til slutt skirenn sjølv om teknikken lenge var vrang og starten måtte utsetjast fleire gonger. Suldal IL beklagar dette så mykje, men lovar å koma sterkare attende neste gong. Aspirantane og trimmarane som ikkje var avhengige av klokka kunne derimot gå uforstyrra og nyte kvelden.
Løyper , snø og vêr var upåklageleg og kiosken var god å ha for ventande skiløparar. Då starten gjekk var innsatsen stor og farten endå større. Her er resultata frå i kveld, oppsett utan tider tom. 10 år som regelverket seier.