I dag, laurdag 11. februar vart Suldalsrennet 2023 arrangert. Kunstsnø og natursnø i lysløypa redda sålen for rennet. Heldigvis stoppa regnbyene på morgonen, og det vart ein mild og fin dag på heio for dei vel 100 deltakarane frå Rogaland og Agder skikrets. Suldalsrennet, som i år vart arrangert i klassisk stil, var også ein del av kretscupen i langrenn for dei mellom 13-16 år.
Rennet starta med barnerenn for dei mellom 0-7 år. Her deltok 11 unge skiløparane i ei 500 meter lang løype på stadion. Høflege og tolmodige i skisporet toga dei avstand. Det tar nok litt tid å læra at i skirenn er det faktisk lov å snika i køen… I mål kom dei alle som perler på ei snor. Så starta sjølve Suldalsrennet med jenter og gutar 8 år først ut frå start. Her har dei etter kvart lært at det er lov å snika i køen, etter at startaren har tikka dei ut. Etter 1 km i skiløypene vart det til og med nokon spurtoppgjer på oppløpssida. 11 og 12-åringane gjekk 2 km, 13-14 åringane 3 km, 15-16 åringane og kvinner junior/senior gjekk 5 km, medan menn junior/senior konkurrerte om å først komme i mål etter 10 km.
Suldal IL hadde 41 deltakande, og mange flotte skirenn og plasseringar vart det for dei lokale løparane våre. Mange gode dugnadsarbeidarar var også i sving for å få rennet til å gli som smurt. Idrettslaget hadde fått Alf Odden til å stille som klubbsmørjar, og mange nytta høvet og fekk sikra feste med dagens klister under skia. Løypekøyraren hadde gjort ein veldig god jobb med å få til gode skispor i den fuktige snøen. I kiosken var det også god innsats både av dei som stod bak disken, og av dei som stilte seg i kø og støtta idrettslaget ved å kjøpa lappar, pølser, sjokolade med meir.
Nok ein flott dag i skiløypene ved Mosvatnet!
Deltakarliste og resultatliste for barnerennet og Suldalsrennet er publisert i eige innlegg på sida.



























