Første helga i februar reiste seks ivrige skiløparar frå Suldal IL til Oslo for å delta i Ungdommens Holmenkollrenn. Dette er dei største skirenna i Norge for 13 og 14-åringar og totalt deltek bortimot 700 spreke ungdommar frå heile Norge.

Mange av dei eldste hadde vore med eit år tidlegare medan det for 13-åringane var første gong. Det er stas, men òg veldig spennande å komme til Holmenkollen. Alt er stort og stadion er slik ein ser på TV. «Mon tru om eg kan greie å gå like fort på ski som alle desse her», tenkte nok fleire, i gang med oppvarming klare til å gi seg i kast med dei harde Kollen-løypene.
I år var det Agathe Lunde, Simon Bakka, Magnus Lunde Hoftun, Daniel Bakka, Ingrid Sukka Mehus og Vilde Tjøstheim som skulle ut i vinden for Suldal. Og dei trong ikkje vere nervøse for å ikkje hevde seg i selskapet. Første dagen var rennet i klassisk stil, og støtteapparatet hadde si fulle hyre med å finne både rett smurning og rett mengd. Det enda med klister med dekning, og skia sat godt i motbakkane og skaut god fart i utforkjøringane. Då var det berre opp til dei oppå skia til å gjere den største jobben.

Først ut var gutar 13 år, kor Simon Bakka synte dei fleste vintervegen og kom inn på ein kjempesterk 9. plass, før Agathe Lunde i jenter 13 år gjekk eit veldig godt renn og enda på ein 32. plass blant 130 deltakarar. Vidare var det gutar 14 år sin tur, og både Magnus Lunde Hoftun og Daniel Bakka kjempa sterkt i ein stor og hard klasse. Til slutt la dei eldste jentene i veg og medan Ingrid Sukka Mehus hadde god fart i sporet gjekk Vilde Tjøstheim sitt beste renn for sesongen og enda på ein 46. plass.
Søndagen var det skøyting på programmet og gjengen frå Suldal var igjen klare for å trø til i løypene. Simon Bakka og Agathe Lunde i dei yngste klassane starta dagen med flotte løp og begge gjekk inn til kvar sin 16. plass. Daniel Bakka, Magnus Lunde Hoftun, Ingrid Sukka Mehus og Vilde Tjøstheim følgde òg opp med topp innsats kor Ingrid fekk ny bestenotering med 46. plass.
Med eit av vinterens store høgdepunkt unnagjort bar det heim med god inspirasjon til vidare satsing, og klare til både skikarusell og Suldalsrenn.








