I vinter har to av Suldalsjentene våre vore ute og prøvd seg på treningssamlingar der dei har fått møtt andre jenter med ambisjonar og fotballferdigheiter. Ella Tjøstheim og Kari Fossan Steine har vore både på Karmøy, i Haugesund og i Bergen og spelt fotball.

Jentene var først på samling på Karmøy i haustferien med Norsk Spillerutvikling NSU. Dette er eit tilbod som er ope for alle, men som er tilrettelagt for ekstra motiverte fotballspelarar med gode røynsler og haldningar. I denne kategorien er absolutt både Ella og Kari, og det var ikkje vanskeleg for Suldal IL å formidla dette tilbodet til dei.

Begge jentene gjorde såpass god figur at dei blei invitert vidare til ny samling i Bergen før jul. Her viste spesielt Kari såpass godt igjen at ho også blei tatt ut til cup i Valencia i Spania til påske. Her skal ho spela på eit NSU-lag saman med andre 2007-modellar. Kari seier ho gledar seg mykje til dette. Ho veit ikkje kva som skjer vidare, men tippar det blir fleire samlingar som ho og Ella kan vera med på framover.

Sist helg var dei på ny treningssamling, denne gong i Haugesund på samling med FKH jenter. Her er ei lita skildring frå Ella om denne samlinga:

Samlinga var veldig kjekk, det var gode trenarar og kjekke øvelsar. På denne samlinga var hovedtema «angrep» og me hadde øvelsar ut i frå det. Me blei og kjend me andre jenter frå andre klubbar på same nivå som oss. Me ser fram til neste samling, og håpar og trur at me kan utvikle oss som fotballspelerar og vise fram det me har lært til dei andre i klubben.

FKH-jenter-samling 12. februar 2023. BIlde: FKH.